We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Emlakrem til barn

Mange barn på sjukehus vil i ein lengre eller kortare periode trenge ei perifer venekanyle ofte kalla venflon. Den blir brukt til å gi intravenøs væske, smertestillande eller andre medisinar.

Informasjon til foreldre

Når barn skal til dagkirurgi får dei gjerne lagt inn ein venflon rett før operasjonen startar. Da er dei gjerne litt trøytte av medisi​nar dei har fått i forkant av operasjonen, og hugsar nødvendigvis ikkje så mykje av hendinga. Det viktigaste for dei er kanskje å ha sett ein venflon på førehand,​ sidan dei gjerne har ein i handa når dei vaknar.

​På sjukehuset blir emla-krem nytta både før ein tar blodprøvar og før ein legg inn venflon, for at det ikkje skal gjere vondt. Det er viktig å motivere barna til å ha emla-kremen på når det blir anbefalt av helsepersonell. ​

A nurse holding an emla
Anette viser fram Emla-plaster som Angelica skal ha på hendene sine.
A person holding a white object
Anette fortel at emla-plasteret inneheld tryllekrem.
A person and a child playing
Angelica skal ha eit emla-plaster på kvar hand.
A child getting emla on the hand
Emla-plasteret gjer slik at Angelica ikkje kjenner noko når ho skal få venflon i handa.
A young girl looking at her hand
​Emla-plasteret må ligge på hendene i over ein time for at det skal ha verknad.​
A little girl holding an emla
 Angelica passar på at emla-plasteret er godt festa på hendene.
A girl riding a bike
Det går greitt å leike litt med plasteret på hendene.
A person holding a syringe
Slik ser handa ut etter at plasteret er tatt av og venflonen er på plass

 

Last updated 10/2/2023