Det finst ulike retningar innanfor jødedommen, der ultraortodokse jødar er dei mest ytterleggåande konservative.
Klesdrakt
Hovudplagget kipa er ein kalott som blir brukt av jødiske gutar og menn i samband med bønn, religiøse studiar og måltid. Mange ortodokse, og alle ultraortodokse, bruker ei kipa heile dagen. Meir liberale jødiske kvinner har også begynt å bruke kipa. Jødiske menn og unge gutar bruker i tillegg tallit, eit bønnesjal, under spesielle bønner. Bønnesjalet har oftast striper i begge endar, og hjørna skal vere utstyrte med duskar (tzitzit). Bønnesjalet skal dekke hovudet og overkroppen.
Blant ortodokse gutar og menn er det vanleg å bere ein liten versjon av bønnesjalet, tallit katan, under kleda heile dagen, og nokon lèt duskane vere synlege utanpå kleda. Mange ortodokse jødiske kvinner har også begynt å bruke bønnesjal, men talliteren til kvinnene må vere ulik frå dei mennene bruker. Jødiske menn har bønnereimar av lêr (tefillin) festa til panna og venstre underarm under morgonbønna. Innanfor dei ikkje-ortodokse retningane i jødedommen er også kvinners bruk av bønnereimar nå vanleg.
Ultraortodokse jødar blir lett gjenkjente på grunn av dei spesielle kleda sine. Ein kan ikkje kle seg i fargar, berre svart og kvitt. Mennene har langt skjegg og sidelokkar langs kinnet, og kler seg i lange, svarte frakkar eller svart dress og hatt. Gifte ultraortodokse jødiske kvinner dekker håret med skaut, hatt eller parykk.
Ein stomi og plasseringa til denne på magen, vil ikkje komme i konflikt med krava til kleda i jødedommen.
Stomiplassering
Vanleg stomiplassering vil ikkje vere i konflikt med reglar for klede i jødedommen.
Kosthald/kostrestriksjonar/faste
Mange truande jødar et koscher, det vil seie at alt ein et er innordna dei jødiske etelovene. Kjøtt må vere frå dyr som tygg drøv og ikkje har klauver. Det er tillate å ete kjøtt frå storfe, sau, hjortedyr og geiter, og nesten alle fuglar. Det er ikkje tillate å ete svin og blod. Fisk med skjelett og finnar kan ein ete, men ikkje skaldyr og blautdyr. For at kjøtt skal bli koscher, må dyret bli avliva på ein spesiell måte av ein kvalifisert slaktar. I tillegg har koschermat eigne ingrediensar, eigne kokekar, servise og bestikk. Kjøtt og mjølk må ikkje bli laga saman, bli servert i same rett eller til same måltid.
For jødar kan det vere problematisk at stomiplatene inneheld gelatin som er eit derivat av svin, men det kan bli akseptert, sidan det er utanpå kroppen. Gelatin finn ein også i Loperamid kapslar som kan vere nødvendige å bruke for å redusere output frå ileostomi. Imodium tablettar eller mikstur kan vere eit alternativ.
Jødedommen har 25 timars faste ved Jom kippur. Å gjennomføre faste for ein person med ileostomi kan vere uheldig med tanke på å klare å halde oppe væske- og saltbalansen. Faste og matrestriksjonar i jødedommen er ikkje restriktive. Det blir anbefalt å snakke med den religiøse leiaren sin om dette.
Hygiene
Dei fleste jødiske forsamlingar har eit rituelt bad, mikve, knytt til synagogen, eller kyrkjelydshuset. I våre dagar blir dette hovudsakleg brukt av ortodokse kvinner i samband med reinsingsrituala etter menstruasjon og barnefødslar, og før inngåing av ekteskap. Kvinna skal bade heilt naken, men det blir gjort unntak for at stomiopererte kan ha stomiposen på. Stomiposen toler bading. I konservative jødiske forsamlingar blir ikkje desse rituala overhaldne i same grad. Ein reknar det ikkje nødvendig. Dei fleste rabbinarar krev likevel at både kvinner og menn må besøke eit mikve i samband med konvertering til jødedommen.
Spesielle omsyn
Jødedommen har også spesielle reglar for sabbaten, som skal vere kviledag. Ein skal ikkje tenne eld, pløye, hauste inn, bere ting frå stad til stad eller gå langt frå heimen. Ein skal heller ikkje køyre bil, reise, betene elektriske apparat, bruke musikkinstrument, gjere handarbeid, teikne eller skrive.
Det er ikkje alle jødar som praktiserer desse jødiske tradisjonane, men dei ortodokse jødane følger sabbatsreglene strengt. Ein kan ikkje bruke elektrisk straum og rennande vatn. Papir må ein ikkje rive i, inklusive toalettpapir, og det er forbode å bruke saks. For den stomiopererte er det da viktig å planlegge og vere førebudd. Stomiplata kan ein klippe til i forkant, dersom ein ikkje kan bruke ferdig hòla plate. Ein kan også på førehand fukte kompressar med vatn og oppbevare dei i ein tett boks eller plastpose. Alternativt kan ein nytte våtserviettar til reingjering. Da må ein forsikre seg om at desse ikkje inneheld olje, for det vil hindre stomiplata i å feste seg.
Utøving av bønn/gudsteneste
Ortodokse jødiske menn er forplikta til å be tre daglege bønner til fastsette tider, morgonbøna (shaharit), ettermiddagsbøna (minha) og kveldsbøna (ma′ariv). For kvinner er det ikkje noko krav til bøn. Ein kan be i heimen, der ein måtte vere, eller i synagogen. Det er ikkje krav om noka spesiell bønestilling som kan vere utfordrande med tanke på lekkasjeproblem på stomien.
Språk og kommunikasjon
Sjukehuset bestiller tolk etter behova og preferansane til den enkelte med tanke på kjønn og kultur.