-
Pasientinformasjon i fellesinnholdDenne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.
Behandling, Ergoterapi
Sklerodermi - trening av hender, nynorsk
Sklerodermi er ein sjukdom som blant anna gir stram hud. Sjukdommen kan ramme heile kroppen, og i mange tilfelle er hender og fingrar ramma. Den stramme og harde huda kan medføre at ledda stivnar til. Dette kan igjen føre til vanskar med å utføre enkelte daglege gjeremål.KVIFOR HANDTRENING?
Bruk hendene så mykje som mogleg i kvardagen for å oppretthalde god handfunksjon. Forsking viser at det er viktig at du dagleg utfører handtreningsøvingar. Øvingane i dette heftet kan forhindre at ledda dine stivnar og bidra til at elastisiteten i hud, musklar og sener held seg ved like.
Før
OPPVARMING
- Smør hendene inn med fuktigheitskrem og masser kremen inn i huda.
- Hell varmt vatn i eit fat. Tilsett litt olje for å hindre uttørking av huda. Gjer bøy- og strekkøvingar i vatnet.
- Varm opp ris/byggkorn (i mikrobølgeomn eller 100 grader i steikeomn) i eldfast form. Gjer bøy- og strekkøvingar i den varme risen/korna.
- Varm opp fingrane med bruk av andre typar varmepakningar/varmeputer.
Under
Utfør alle øvingar som vist på bileta i eit roleg tempo, sittande med avslappa skuldrer. Hald til du kjenner det tøyer godt, ca. 5-10 sekundar. Repeter øvingane
ØVING 1
Kvil armane på bordet med bøygde fingrar. Vri hendene utover.
ØVING 2.
Kvil armane på bordet og hald handleddet i midtstilling. Strekk handledda bakover, hald og bøy handledda innover.
ØVING 3.
ØVING 4
Vri handleddet mot veslefinger-sida, og deretter mot tommelfingersida.
ØVING 5
Sprik med fingrane så mykje som mogleg og beveg tommelen så langt bort frå fingrane som mogleg. Prøv å flette fingrane og fald hendene.
ØVING 6
Lag ein sirkel med tommel mot peikefinger, strekk ut og fortsett mot dei andre fingrane.
ØVING 7
Bøy grunnledda på dei ytterste fingerledda på alle fingrane så mykje som mogleg samtidig som du held grunnledda strake. Strekk fingrane og repeter.
ØVING 8
Bøy alle fingrane så mykje som mogleg inn i handflata. Strekk ut fingrane og repeter.
ØVING 9
ØVING 10
Tøy midt- og ytterledd på ein finger om gongen. Hald og tel til 10.
ØVING 11
Strekk ut ein og ein finger ved å presse på midt- og ytterledd. Hald og tel til 10.
ØVING 12
Grip rundt eit glas/kopp for å tøye huda mellom tommel og peikefinger. Hald og tel til 10.
Etter
Nokre øvingar kan vere ubehagelege fordi det strammar i huda, men det er ikkje farleg.