logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
  • Pasientinformasjon i fellesinnhold
    Denne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.

Diagnose

Antifosfolipidsyndrom, nynorsk

Antifosfolipidsyndrom er ein autoimmun sjukdom. Det vil seie at kroppen sitt eige immunforsvar er overaktivt og angrip eige vev.

Fosfolipid er feittstoff som fins i overflata til alle celler. Hos nokre personar dannar immunsystemet antistoff mot fosfolipid eller mot protein som er knytt til desse. Antistoffa aukar risikoen for å danne blodpropp og er òg knytt til ein auka risiko for spontanabortar eller dødfødslar hos gravide.

Diagnosen antifosfolipidsyndrom blir stilt hos personar som har desse antistoffa, og som samtidig har hatt blodpropp eller visse typar svangerskapskomplikasjonar. Mange menneske har slike antistoff utan nokon gong å få svangerskapskomplikasjonar eller blodpropp.  Ein har då ikkje antifosfolipidsyndrom. 


Utbreiing

Antifosfolipidantistoff er relativt utbreidd hos friske personar, og ein reknar med at 1-5 % av befolkninga har slike antistoff.  Fleire eldre enn yngre har antistoff, og dei er vanlegare hos personar med annan revmatisk sjukdom, som for eksempel SLE (systemisk lupus erythematosus/ ). Sjølv om funn av antistoff er relativt vanleg hos friske personar, er antifosfolipidsyndrom ein svært sjeldan sjukdom. Omtrent halvparten av dei med antifosfolipidsyndrom har ein annan revmatisk sjukdom i tillegg, oftast SLE. 

Symptom og sjukdomsteikn

Typiske symptom på antifosfolipidsyndrom er blodpropp i arterier og vener, samt svangerskapskomplikasjonar i form av abortar eller for tidlege fødslar.  Eitt av desse symptoma er naudsynte for å få stilt diagnosen. Andre symptom kan vere visse typar hudendringar (livedo reticularis), lavt blodplatetal og lav blodprosent. 

Utredning

Fastsetting av diagnose

For å sette diagnosen antifosfolipidsyndrom må ein både ha antistoff i blodet og eit typisk symptombilete. Antistoffa må vere til stades i to blodprøvar som er tatt med minst 12 veker i mellom.  



Behandling

  • Pasientar med antifosfolipidsyndrom på grunnlag av blodpropp og fosfolipidantistoff blir behandla med blodfortynnande medisin i form av Marevan. 
  • Pasientar med diagnose basert på gjennomgåtte svangerskapskomplikasjonar og antifosfolipidantistoff, blir oftast behandla med låg dose av acetylsalisylsyre. 
  • Gravide skal ikkje bruke Marevan og blir oftast behandla med ein annan form for blodfortynnande medisin. 
  • Hos pasientar som har ein revmatisk sjukdom i lag med antifosfolipidsyndrom kan andre medikament vere aktuelle, då særleg Plaquenil. 
I utgangspunktet skal behandlinga vare heile livet.


Oppfølging

Pasientar med antifosfolipidsyndrom blir følgde hos revmatolog, hematolog eller fastlege, eventuelt gjennom eit samarbeid mellom desse. 

Under svangerskap blir kvinna  òg følgt opp av gynekolog. Det er viktig at graviditet blir planlagt i samråd med lege, slik at ein får best mogleg oppfølging under graviditeten.