Diagnose
Bindevevssjukdommar
Bindevevssjukdommar er ei gruppe kroniske revmatiske sjukdommar som kan gi betennelse i fleire av organa til kroppen. Systemisk lupus erythematosus (SLE), Sjøgrens syndrom, Systemisk sklerose og blanda bindevevssjukdom (mixed connective tissue disease - MCTD) er alle døme på bindevevssjukdommar.
Symptom
Bindevevssjukdommar er sjeldne autoimmune sjukdommar som kjem av feil i reguleringa av immunforsvaret som gjer at det lagar betennelse i eige vev. Dette kan ramme ledd, hud, spyttkjertlar og indre organ som hjarte og lunger med fleire. Utgreiing, diagnostisering og behandling skjer ved ei revmatologisk avdeling.
Les meir om autoimmune sykdommer (helsenorge.no)
Tilvising og vurdering
Fastlegen viser deg til revmatologisk avdeling. Dersom legen som vurderer tilvisinga finn at det er mistanke om bindevevssjukdom vil du få tilbod om time ved revmatologisk poliklinikk.
Utgreiing
Legen undersøkjer deg og vurderer om du har ein bindevevssjukdom eller ikkje. Somme gonger kan det vere lett å stille ein slik diagnose, men av og til vil det vere nødvendig med fleire undersøkingar og vidare oppfølging før legen kan stille ein sikker diagnose.
Behandling
Dersom du får diagnostisert ein bindevevssjukdom kan det vere aktuelt med behandling. For somme plager kan det vere nyttig med medisinar som verkar symptomlindrande, smertestillande eller betennelsesdempande – eller ein kombinasjon av desse. Hos nokre personar med bindevevssjukdom kan det vere aktuelt med medisinar som dempar immunsystemet, særleg dersom indre organ er påverka.
Oppfølging
Dei fleste som får diagnostisert ein bindevevssjukdom blir følgt opp med kontrollar ved revmatologisk poliklinikk og fastlege. Intervalla på kontrollane avheng av alvoret av sjukdommen, kva behandling som blir gitt og eventuelle andre behov. Oppfølginga er tettast i starten av sjukdommen og dersom sjukdommen blussar opp.