We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Diagnose

Raynauds fenomen

Raynauds fenomen er ein tilstand der blodårar, særleg i fingrar og tær, trekkjer seg unormalt kraftig saman i kulde eller ved stress. Raynauds fenomen blir på folkemunne kalla «likfingrar» då huda blir heilt likbleik under anfall.

Raynauds fenomen, også kalla likfingrar, kjem av at små blodårer trekkjer seg saman og klemmer av for blodstraumen. Vanlegvis er det temperaturendringar som utløyser anfalla.

Les meir på helsenorge.no

Primært og sekundært Raynauds fenomen

Raynauds fenomen blir kalla primært Raynauds fenomen om ein får anfall med kvite fingrar utan å ha nokon underliggjande sjukdom. Ved somme sjukdommar, mellom anna ein del revmatiske sjukdommar, er Raynauds fenomen ein del av sjukdomsbiletet. Tilstanden blir då kalla sekundært Raynauds fenomen.

Utbreiing og årsak

Primært Raynauds fenomen er relativt vanleg hos menneske som elles er friske. Ein antek at mellom 3 og 10 prosent av befolkninga er ramma. Primært Raynauds fenomen oppstår vanlegvis i barne- og ungdomsåra eller i ung vaksen alder. Fenomenet er vanlegare hos kvinner enn menn, og ofte har fleire i familien same symptom.

Raynauds fenomen kjem av ei unormalt kraftig samantrekking av blodårar ved kuldeeksplosjon. Ein veit at røyking og arbeid med vibrerande verktøy kan auke sjansen for å bli ramma.

Symptom og sjukdomsteikn

Både primært og sekundært Raynauds fenomen rammar oftast hendene. Det mest vanlege er Raynauds fenomen i peikefinger, langfinger og ringfinger, medan tommelen sjeldan er utsett. Anfall med Raynauds fenomen kan elles oppstå i tærne, øyreflippar, nase, ansikt og rundt brystvorter.

Eit typisk anfall med Raynauds fenomen finst oftast ved kulde og startar med at fingrane plutseleg blir kalde, samtidig som det kjem til syne eit skarpt avgrensa kvitt område. Etter kvart kan den kvite huda bli blåfarga på grunn av lite oksygen til vevet. Når varmen kjem tilbake i vevet, kjem det til slutt ein raudleg farge. Eit typisk anfall varer ofte rundt 15-20 minutt, men det er store forskjellar. Det er ikkje alle som får alle fargeendringane i løpet av eit anfall, det er vanlegare å ha alle fargeendringane og større område med fargeendringar ved sekundært Raynauds fenomen.

Under anfall med Raynauds fenomen kan ein samtidig få smerter, eller bli nomen i dei affiserte områda. I alvorlege tilfelle kan ein få sår på fingertuppane. Dette kjem av at vevet har fått for lite blodtilstrøyming.  

Utgreiing

Fastsetjing av diagnose

Raynauds fenomen er ein klinisk diagnose. Det vil seie at diagnosen blir sett på bakgrunn av symptom og funn. Ved mistanke om sekundært Raynauds fenomen gjer ein ofte meir omfattande undersøkingar for å kartleggje ein eventuell grunnsjukdom.

Behandling

Behandlinga for Raynauds fenomen består for det meste i ikkje-medikamentelle tiltak.

Førebygging av anfall

  • Bruk kroppen og ver aktiv. Rørsle og bruk av muskulatur gir auka blodsirkulasjon og varme.
  • Kle deg godt og varmt på heile kroppen. Fleire tynne lag med klede varmar betre enn eitt tjukt lag.
  • Romslege sko/hanskar/vottar blir tilrådde.
  • Ull har eigenskapar som gjer at du held varmen sjølv om du blir våt eller fuktig.
  • Bruk pulsvarmarar, gjerne både inne og ute.
  • Unngå å ta på deg klede som er kalde.
  • Bruk hanskar/vottar når du skal halde kalde gjenstandar, til dømes frå frysen.
  • Bruk varmepakke/kveitepose for å halde deg varm eller for å avhjelpe ved eit anfall.
  • Bruk elektriske varmeprodukt, vottar/hanskar/sålar.
  • Varm opp senga med varmeflaske eller elektrisk varmelaken før du legg deg.
  • Bruk kuldeisolerande materiale som tre eller gummi på verktøy, reiskap og handtak.
  • I bil kan kupévarmar, setevarmar, rattrekk, rattvarme og bruk av hanskar vere nyttig.
  • Unngå belasting som kan gi deg dårleg sirkulasjon i fingrar, til dømes bere ein tung handlepose.
  • Unngå trekk frå ventilasjon eller aircondition.
  • Reduser stress.
  • Unngå røyking, då røyking kan forverre symptoma.

 

Det finst elektrisk varmeprodukt til hender og føter som ein kan kjøpe i butikk eller søkje om via NAV.

Bruk og vedlikehald for produkt frå NAV: Varmeprodukt kan bruke litt tid på å bli oppvarma. Det kan derfor vere ein fordel å slå på batteriet før du går ut for å unngå å få eit anfall før produktet har vorte varmt. Ha alltid batteria fullada før du går ut. Ta gjerne med ekstra batteri til lengre turar. For å få batteriet til å vare lengre kan du senke varmen litt. Batteri kan gjerne oppbevarast i kjøleskap viss dei ikkje blir brukte under ein lengre periode. Handvask produkta på maks 40°, må ikkje tørkast i tørketrommel. Ikkje vri hanskar/vottar/sokkar etter vask, då kan leidningane ryke.

Dersom det er mogleg bør ein unngå medikament som gjer at blodårane trekkjer seg saman.

Om ein er uttalt plaga med Raynauds fenomen og ikkje kjem til målet med ikkje-medikamentelle tiltak, er det stundom aktuelt å prøve medisinar som aukar blodgjennomstrøyminga. Blodtrykksmedisinen nifedipin (Adalat) er førstevalet. I alvorlege tilfelle kan også andre medikament vurderast.

Oppfølging

Personar med primært Raynauds fenomen treng inga fast oppfølging. Ved sekundært Raynauds fenomen blir oppfølging vurdert ut frå grunnsjukdommen.