logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
  • Pasientinformasjon i fellesinnhold
    Denne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.

Undersøking

Lungetest - måling av diffusjonskapasitet (DLCO), nynorsk

Diffusjonskapasitet er ei pusteprøve som måler evna til å transportere oksygen frå lungeblærene til hemoglobinet i dei raude blodlekamane.
Du pustar inn ein ufarleg testgass ved undersøkinga. Gass-konsentrasjonane blir både målt i lufta som går inn i lungene, og lufta du pustar ut. Ut frå endringar i gasskonsentrasjonane får vi eit mål på kor lett lungene kan ta opp oksygen frå lufta.  

Undersøkinga blir særleg brukt ved undersøking og utgreiing av sjukdommar som påverkar lungevevet, for eksempel lungefibrose og emfysem.  

Det er ingen smerter forbunde med undersøkinga. Den tar om lag fem minutt. 


Før

Unngå å røyke den dagen du skal til undersøking. 

Du kan ta medisinane dine som vanleg.  

Du skal helst ikkje ete eit større måltid eller ha anstrengt deg mykje den siste timen før undersøkinga.  

Bruker du tilførsel av oksygen, kan det vere aktuelt å vere utan 15 minutt før undersøkinga. 


Under

Først måler du høgde utan sko, og så veg du deg. Tettsitjande beinklede og/eller belte må du losne.  

Du sit på ein stol og får på ei neseklype. Munnen blir lagt rundt eit munnstykke, og du pustar naturleg inn og ut gjennom dette. Det er viktig at det ikkje er lekkasje av luft gjennom nasen eller rundt munnstykket. 

Når du får beskjed, tømmer du lungene heilt for luft. Deretter fyller du lungene maksimalt med luft/testgass og held pusten i om lag ti sekund, før du i vanleg pustetempo tømmer lungene heilt. 


Etter

Etter undersøkinga vil legen tolke verdiane i samband med dei utrekna og forventa verdiane og sjå dette i samanheng med sjukdomsbildet og andre undersøkingar.