We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Godkjent dato: 2/10/2026
Ansvarlig foretak: St. Olavs hospital

Undersøking, Positron Emisjons Tomografi (F18-FDG-PET)

PET

PET (positronemisjonstomografi) er ei avansert bildediagnostisk undersøking som kan vise metabolsk aktivitet i celler og vev. Før undersøkinga får du ei lita mengde radioaktivt sporstoff (FDG) i ei blodåre. Deretter blir det tatt bilde av kroppen.

PET blir nesten alltid kombinert med CT (PET/CT) eller MR (PET/MR). Dette gir samtidig informasjon om anatomien og vevet til kroppen.

Undersøkinga blir først og fremst brukt for å oppdage og følge opp kreft. Den kan også vere nyttig ved nevrologiske og revmatologiske sjukdommar, hjartesjukdommar og ulike betennelsar.

Før

Viktige førebuingar

  • Drikk rikeleg dagen før undersøkinga
  • Unngå all fysisk trening dei siste 24 timar før undersøkinga.
  • Hald deg varm og unngå å fryse dei siste 24 timane før undersøkinga.
  • Du skal faste minst seks timar før oppmøte. I fastetida skal du drikke cirka 1 liter reint vatn (ikkje kaldt).
  • Unngå drops og tyggegummi, snus og røyk under fasta.
  • Ta medisinane dine som normalt.
  • OBS: Om du har diabetes, må du følge spesielle retningslinjer. Ta kontakt med oss på førehand
  • Ta med ei liste over dei faste medisinane dine.

Gi beskjed dersom du:

  • har astma eller allergiar
  • har nedsett nyrefunksjon
  • har diabetes
  • er forkjølt eller nyleg har hatt ein infeksjon
  • nyleg har fått cellegift eller strålebehandling
  • er gravid, kan vere gravid, eller ammar
  • bruker roande medisinar

Under

Før undersøkinga får du ein injeksjon med eit radioaktivt sporstoff (druesukker) i ein venekanyle i armen. Dersom du har med deg pårørande, må dei forlate undersøkingsrommet når injeksjonen blir sett i armen din.

Etter injeksjonen skal du ligge stille i cirka éin time utan å snakke, lese eller bruke telefon. Dette er nødvendig for at stoffet skal fordele seg best mogleg i kroppen.

Når kviletida er over, startar sjølve bildeopptaket, som vanlegvis varer i 15–30 minutt.

Heile undersøkinga tar mellom 2–4 timar.

Etter

Etter undersøkinga kan du reise heim. Det radioaktive stoffet gir ein låg stråledose og forsvinn frå kroppen i løpet av 4–5 timar. I denne perioden bør du unngå nærkontakt med små barn eller gravide.

Ver merksam

Utover venepunksjonen er det normalt ikkje noko ubehag knytt til undersøkinga. Mengda radioaktivt stoff er liten og gir svært sjeldan biverknader.

Sist faglig oppdatert 2/10/2026