- Du skal faste i minimum 6 timar før undersøkinga. Det betyr at du ikkje skal ete eller drikke noko anna enn reint vatn (ikkje smakstilsett eller med kolsyre). Vi anbefaler at du drikk 2-4 glas lunkent vatn før undersøkinga.
- Ingen røyk, snus, pastillar eller tyggegummi dei siste 6 timane før undersøkinga.
- Du skal ikkje drive noka form for fysisk aktivitet dei siste 24 timane før undersøkinga.
- Det er viktig at du held deg varm og ikkje frys same dag som undersøkinga.
- Du kan ikkje ha på deg smykkar eller andre metallgjenstandar under skanninga. La dette bli heime på undersøkingsdagen.
Har du diabetes?
Undersøkinga blir best når blodsukkeret er godt regulert.
- Ta med matpakke og diabetesmedisinar på undersøkingsdagen.
- Førebuing er ulike utor kva diabetesmedisin du bruker.
Om du tar insulin:
- Et mat og ta insulin som vanleg kvelden før undersøkinga. Deretter skal du faste til undersøkinga er ferdig. Du kan drikke reint vatn, som beskrive over.
- Du skal ikkje ta morgondose insulin.
- Du kan ete og ta insulin med ein gong undersøkinga er ferdig.
Om du bruker insulinpumpe
- Du skal faste frå midnatt. Insulinpumpa skal gå som vanleg.
- Du kan drikke reint vatn, som beskrive over.
Om du bruker tablettar
- Bruker du medisinar som inneheld metformin skal du ikkje ta desse dei siste 72 timane før undersøkinga. Du kan starte med desse medisinane igjen når undersøkinga er ferdig.
- Om du bruker Glimepirid Teva (eller Amaryl), skal du ikkje ta morgondosen før undersøkinga, men etter undersøkinga saman med mat.