logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
  • Pasientinformasjon i fellesinnhold
    Denne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.

Undersøking

Spirometri med diffusjonskapasitet, nynorsk

Diffusjonskapasitet (DLCO) er ei undersøking som måler evna til å transportere oksygen frå lungeblærene til hemoglobinet i dei raude blodlegemene.

Du pustar inn ein ufarlig testgass under undersøkinga. Gasskonsentrasjonen målast både i lufta som går inn i lungene og lufta som pustast ut. Ut frå endringar i gasskonsentrasjonen får vi eit mål på kor lett lungene kan ta opp oksygen frå lufta.

Før

For at testen skal kunne gi eit så rett svar som mogleg er det viktig at du:

  • ikkje et eit stort måltid den siste timen før undersøkinga
  • unngår bruk av tobakk undersøkingsdagen
  • ikkje anstreng deg siste timen før undersøkinga

Bruker du inhalasjonsmedisin, tek du desse med til undersøkinga

Om du har en luftvegsinfeksjon, nylig gjennomgått ein operasjon eller andre medisinske forhold, bør du ta kontakt med lungepoliklinikken på førehand for å vurdera om undersøkinga skal utsettast

Om mulig - unngår å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin:
  • 6 - 48 timer timar før undersøkinga, avhengig av inhalasjonsmedisin. 
Eventuelle inhalasjonssteroider kan brukast som vanleg. Alle andre faste medisinar tas som vanlig.
Dersom du føler deg dårlig, kan du ta inhalasjonsmedisinen din.  Då er det viktig at du noterer ned når du tok medisinen. Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøven, derfor bør du alltid på førehand opplyse om kva medisinar du bruker.
 
Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.


 

Under

Sjukepleiar vil fortelle deg i korleis du utførar testen. Undersøkinga består av to deler:

1. Spirometri: 

Høgde og vekt målast før spirometrien blir tatt. Under undersøkinga skal du sitte på en stol. Du får på ei naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så fort du klarar. Dette gjer du fleire gonger. Sjukepleiar vil heile tida forklare kva du skal gjere. Riktig utført spirometri kan vere  anstrengande. Undersøkinga er smertefri. 

2. Diffusjonstest:
Du pustar naturlig inn og ut gjennom eit munnstykke. Det er viktig at det ikkje er lekkasje gjennom nase eller rundt munn. Når du får beskjed, tømmer du lungene dine heilt for luft. Deretter skal du puste inn å fylle lungene med så mykje luft du klarar, halde pusten i 7 sekund før lungene tømmast heilt for luft i vanleg pustetempo.



Etter

Etter undersøkinga vil legen tolke verdiar i forhold til forventa verdiar og sjå dette i samanheng med sjukdomsbilete og andre undersøkingar.