-
Pasientinformasjon i fellesinnholdDenne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.
Undersøking
Ultralyd av hjertet, nynorsk
Ekkokardiografi er ei ultralydundersøking av hjartet der vi kan sjå på dei ulike hjartekammera, på hjarteklaffane og på blodgjennomstrauminga i hjartet.Vi bruker ekkokardiografi ved utgreiing av dei fleste hjartesjukdommane og medfødde hjartefeil, og dette er veldig viktig før ein operasjon på hjarteklaffane. Undersøkinga kan også vere nyttig for å sjå om hjartet pumpar godt ved alvorlege sjukdommar i andre organ. Vi vurderer hjartemuskelen, hjarteklaffar og dei store blodkara som går til og frå hjartet. Vi vil også kunne måle blodtrykket i lungekretsløpet.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen din eller anna helsepersonell som kan tilvise deg til denne undersøkinga.
Før
Undersøkinga krev ingen førebuingar.
Under
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim, eventuelt skal du tilbake til avdelinga dersom du er innlagt. Det er vanleg å få eit foreløpig resultat rett etter undersøkinga. Vi sender skriftleg svar til tilvisande avdeling, sjukehus eller fastlege.