Pasientreiser, nynorsk
Viss du har vore til behandling, kan du søke om å få stønad til reisa. Om du treng tilrettelegging av transport for å komme deg til behandling, kan du ha rett til å få ei rekvirert reise.
Midlertidig endring for pasientreiser med bil tek slutt
Nå går pasientreiser stort sett som før koronapandemien. For å søke om å få dekt tilleggsutgifter ved bruk av eigen bil av helsemessige grunnar, må ein derfor ha dokumentasjon frå behandlar, slik som regelverket seier. Det same gjeld viss du skal søke om å få stønad for reiser som går innanfor ei takstsone med offentleg transport. Dette gjeld når du skal søke om stønad for reiser frå og med 1. juni 2022. Dokumentasjonen frå behandlaren må vise at du måtte køyre bil på grunn av helsa di. Dokumentasjonen legg du ved søknaden for å få dekt tilleggsutgifter til bilferje, parkering, bom og piggdekk.
Sjå meir om dokumentasjonsplikt på helsenorge.no
Genereller reglar om pasientreiser
Søk om å få stønad til reiseutgifter
Viss det er slik at du ikkje kan reise med offentleg transport anten på grunn av helsa di, eller av trafikale grunnar, og du ikkje kan bli køyrt, eller køyre eigen bil, då kan du ha rett til å få ei rekvirert reise. Det betyr at ditt lokale pasientreisekontor ordnar reisa for deg, og vel det transportmiddelet som er mest hensiktsmessig. Du betalar eigendel for slike reiser, om du ikkje har fritaksgrunn eller frikort.
Les meir her: Rekvirert pasientreise for tilrettelagt transport
Ved å logga deg inn i på helsenorge.no, finn du oversikt over, og informasjon om framtidige rekvirerte pasientreiser. Du kan også endre, avbestilla og stadfeste rekvirerte reiser. Etter kvart vil det òg bli mogleg å legga inn bestilling på rekvirerte reiser.
Kontakt Pasientreiser
Har du spørsmål, treng hjelp til utfylling av søknad eller bestilling av reise? Ring pasientreiser på 05515.
Du finn meir informasjon om pasientreiser og rettane dine på helsenoreg.no
Helsepersonell og andre fagpersonar finn meir informasjon om pasientreiser på pasientreiser.no