Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 20.01.2026
Ansvarlig foretak: Helse Møre og Romsdal
Behandling

Brukerstyrt poliklinikk - diabetes 1, nynorsk

Pasientar som får oppfølging for diabetes type 1 kan få høve til å registrere informasjon om eige sjukdomsforløp ved innlogging på ein digital nettportal. Slik kan ein i større grad medverka i oppfølginga si.

Før

Du får tilbod om oppfølging ved hjelp av digital eigenregistrering. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, men likevel er interessert i denne typen oppfølging, ta kontakt med avdelinga.

Dette er ikkje ei løysing for umiddelbar hjelp. Kontakt legevakt eller ring 113 viss det hastar.

Under

  1. Du får SMS med lenke når det er tid for eigenregistrering. Du kan logge inn i nettportalen frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Innlogging skjer via ID-Porten med elektronisk ID (BankID). Rapporten blir fylt ut på ein sikker nettportal, levert av underleverandøren til sjukehuset, CheckWare
  2. Når du har logga inn får du digitale spørreskjema med 15-60 spørsmål rundt livskvalitet, utfordringar og behandling (talet avheng av svara dine). Dette må du fylle ut kvar 4. månad og ved årskontroll. Du kan og frivillig fylle ut ved endring i situasjonen.
  3. Diabetessjukepleiar går gjennom svara dine, og ut frå desse blir du ved behov kontakta per telefon for utfyllande vurdering eller du blir sett opp til time. Dersom det ut frå svara ikkje kjem fram forhold som krev vidare vurdering, høyrer du ikkje noko frå oss før du får nytt skjema fire månader seinare. Då oppfattar vi at tilstanden din er stabil og tilfredsstillande.
  4. Ved behov kan du kontakte oss direkte gjennom innlogging på di side òg utanom dei kvartalsvise skjema; det er en gevinst ved behovsstyrt oppfølging. Til hausten vil du og kunne "chatte" med poliklinikken.

Allereie under digital oppfølging? Følg lenka for innlogging

Sende inn elektroniske spørreskjema (CheckWare IDporten)

Etter

Du står fritt til å avbryte den digitale oppfølginga og gå tilbake til ordinær oppfølging når du måtte ønske det. Ta kontakt med oss dersom du ikkje lenger ønsker tilbodet om digital eigenregistrering.   

Sist faglig oppdatert 20.01.2026