Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Fleirfamiliegruppe med undervisnings- og samtaletilbod

Fleirfamiliegruppe er eit behandlingstilbod til personar med psykisk liding og deira næraste familie. Tilbodet inneber at du og familien din, andre familiar i same situasjon og to gruppeleiarar møtest regelmessig i inntil to år. Gjennom samtalar, undervisning og problemløysing er målet å gi deg best mogleg støtte og hjelp i kvardagen.

Hjelp til deg og familien

Skulle du ønskje at dykk som familie fekk hjelp til å halde oppe kontakten i ei vanskeleg tid? Lurer familiemedlemmar på korleis dei best kan hjelpe deg? Ønskjer du å bli kjent med andre som har liknande erfaringar?

Når du har psykiske utfordringar kan det vere vanskeleg å uttrykkje korleis du har det, overfor dei som står deg nærast. Du kan også vere usikker på kor mykje og kva slags kontakt du ønskjer å ha med familien.

Familien din er bekymra, og vil prøve å hjelpe deg på ulike måtar. I møte med krise og sjukdom hos ein familiemedlem, er det vanleg å reagere både med redsel, sinne og uro. Det gjer at dei ikkje alltid klarer å møte deg på den måten du treng. Mange familiemedlemmar opplever dessutan at dei ikkje veit nok om den psykiske lidinga di.

 

Tilvising og vurdering

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på om fleirfamiliegruppe er noko for deg og familien din. Vi inviterer dykk også gjerne til ein uforpliktande samtale for å gi dykk nærare informasjon om kva dette tilbodet inneber. Fastlegen eller behandlaren din sender oss tilvising når det er avklart at de ønskjer å delta.

Før

Under

Etter