Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Behandling

Grønn stær-operasjon (trabekulektomi), nynorsk

Har du grønn stær, på fagspråket kalla glaukom, er synsnerven skada. Om anna behandling ikkje har effekt, kan kirurgi vere aktuelt. Hensikta med ein slik operasjon er å skapa eit avløp for væska (kammervatnet) inne i auget slik at trykket fell. Ein av operasjonane for å redusere trykket i auget er kalla trabekuletomi.

Operasjonen omtrent ein time. Det kan gjerast under lokalbedøving eller narkose, altså mens du er lagt i søvn.

Før

Bruk vanlege augedråpar som normalt fram til operasjonsdagen.  I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å slutte med ein eller fleire augedråpar i forkant av operasjonen.

Som regel møter du til ei forundersøking ved augeavdelinga der du skal opererast. Då gjer ein fleire tilleggsundersøkingar av augane slik at ein har gjort opp status og avgjort om det er operasjonsindikasjon. Då vil du også få informasjon om kva slags operasjon ein planlegger å utføre.

Førebuingar før behandling

  • Det er viktig i forkant av operasjonen å informere oss om alle typar medisinar du bruker (ikkje berre augedråpane) og ta dei med ved innlegging på sjukehuset.
  • Hvis du bruker diamoxtabletter skal du snakke med øyelegen om når du skal slutte med disse i forkant av operasjonen. 
  • Bruker du blodfortynnande medisinar er det viktig å informere oss om dette i god tid før operasjonen. Det finst fleire typar blodfortynnande medisinar og det varierer kor lang tid i forkant av operasjonen du treng å slutte med dei.
    På generell basis er det ønskeleg at AlbylE blir avslutta 10 dagar før operasjon og Marevan 3 dagar før. Kontakt fastlegen din for å stadfeste om dette er forsvarleg for deg på bakgrunn av din helsetilstanden.
  • Har du kjent allergi for medikament er det viktig at du informerer oss om dette i forkant.
  • Om du får augekatarr (augeinfeksjon) dei siste par vekene eller dagane før den planlagte operasjonen, må du ta kontakt med avdelinga der du skal opererast. Truleg må auget ditt behandlast med antibiotika augedråper og operasjonen utsettast.

På sjukehuset

Har du lang reiseveg til sjukehuset, blir du som oftast innlagt dagen før operasjonen skal utførast. Dersom du har kort reiseveg eller dagkirurgisk operasjon, møter du på operasjonsdagen i god tid før inngrepet. Auget skal forberedast med rensedråper, og dei fleste får (tilbod om) ein beroligande tablett i forkant av operasjonen slik at dei slapper godt av.

Under

Operasjonen kan gjerast under lokalbedøving eller narkose, altså mens du er lagt i søvn.

Under operasjonen blir det laga ein alternativ drenasjeveg for å leie kammervatnet ut av auget og dermed senke augetrykket. Disse operasjonsmetodane (trabekulektomi, ulike shunter eller Ahmedventil) blir kalla filtrerande kirurgi.

Nokon gongar er det stor risiko for at operasjonen med den nye filtrasjonsvegen skal gro igjen på sikt. Derfor bruker mange eit medikament lokalt på auget for å hindre at det skal gro så godt (lokal cellegift eller anti-vekstfaktor). Om dette blir brukt på ditt auget under operasjonen, vil du bli informert om dette før inngrepet.

Formålet med operasjon er at augetrykket skal senkast for å forhindre ytterlegare skade. Operasjonen fjernat ikke sjølve sjukdommen, så du vil trenge regelmessig oppfølging av augelege resten av livet.

Operasjonen

Operasjon for grøn stær blir gjort i lokalbedøving med ein kombinasjon av bedøvande dråper og ein mindre sprøytebedøving. Lokalbedøving blir gitt på ytterflaten av det kvite i auget. Det kjennes som eit lite stikk, og resten av operasjonen er i praksis utan ubehag. Det vil seie at du er vaken og kan snakke med operasjonspersonalet undervegs. Operasjonen tar ca. 1 time.

Operasjonen foregår på operasjonsstue hvor du skal ligge på rygg på operasjonsbord. Det er en steril prosedyre og du  ligger under et større operasjonsklede med åpning til øyet som skal opereres.  Det vil bli satt på en øyelokks-holder for å unngå blunking under operasjonen.

Det er anbefalt at du forsøker å se nedover mens operasjonen pågår. Det blir sydd med små sting i øyets slimhinne. Når operasjonen er ferdig legges det en bandasje med antibiotika-salve på øyet til dagen etterpå.

Du vil få time til kontroll dagen etter operasjonen.

Etter

  • Du får som regel bandasje og skjold på auget det første døgnet.
  • Det pleier å vere lite smerter i auget etter inngrepet. Det er vanleg med nokre ubehag, stikking og press i opererte auget etter operasjonen. Du får med deg smertestillande som du tar ved behov. 
  • Etter det første døgnet får du augedråper for å dempe betennelsesreaksjon i auget. Desse skal du dryppe med i fleire veker etter operasjonen. Kor lenge du skal dryppe, vil du bli informert om etter kvart.
  • Du skal slutte med dei trykksenkande dråpene etter operasjonen.
  • Det er vanleg med relativt hyppige kontrollar etter ein operasjon for grøn stær. Det inneber som regel kontroll dagen etter operasjonen, deretter dagleg eller med nokon dagars intervall den første veka avhengig av type operasjon og resultatet.
  • Augetrykket kan variere noke etter operasjonen. Dersom augetrykket er svært lågt, vil det ha innverknad på synet. Det vanlegaste er at augetrykket stig gradvis etter operasjonen då den nye filtrasjonsvegen delvis vil gro igjen. Dette forårsakar ofte tilleggsjusteringar i etterkant av operasjonen (laserjustering, injeksjonar med medisinar eller mindre tilleggsoperasjonar) for å oppnå tilfredsstillande augetrykk på sikt. Om det seinare vil bli nødvendig å gjenoppta dryppinga med trykksenkande dråper, er avhengig av augetrykket.

Restitusjon

Auget vil vere ein del raudt dei første vekene etter operasjonen, men vil langsom bli normalt bleikt igjen. Ruskfølelse er vanleg i de første to til fire vekene etter operasjonen og skyldast hovedsakeleg sting som sitter i slimhinna. Disse vil løsne og bli borte av seg sjølv undervegs.

Den første tida etter operasjonen kan synet vere midlertidig nedsett. Som regel vil synet etter kvart stabilisere seg på samme nivå som før. Vent med å justere briller til du har avtalt med augelegen din.

Endeleg sluttresultat vil vera etter cirka to til tre månader, kor augetrykket avgjer korleis tilstanda er regulert. Noken trenger dråpar i tillegg til operasjon. Det er viktig å vite at synet ikkej blir betre eller synsfeltutfalla mindre, av denne operasjonen.

Behovet for sjukmelding vil variere avhengig av kva type arbeid du har. Dei fleste er sjukmeld i eit par veker etter operasjonen. Vi rådar deg til å ikkje køyre bil før augelegen har gitt klarsignal.

Sykemelding

Behovet for sjukemelding vil variere avhengig av kva type arbeid du har. Dei fleste er sjukemeldt i eit par veker etter operasjonen. Vi råder deg til å ikkje kjøyre bil før augelegen har gitt klarsignal.

Ver merksam

Kirurgi ser ut til å fungere like godt som laserbehandling eller augedråpar, men kan gje biverknader. Alle kirurgiske inngrep er forbundet med risiko, dette gjeld også operasjon for grøn stær. Alvorlege komplikasjonar er heldigvis sjeldne. Dei vanlegaste komplikasjonane er:

  • Utvikling av grå stær (katarakt). Det er kjent at operasjon for grøn stær kan framskynde utviklinga av grå stær. Dersom det blir utvikla grå stær med innverknad på synet, får du effektiv behandling i form av grå stær-operasjon.
  • Bløding. Mindre blødingar i framre del av auget er ikkje uvanleg. Bløding vil ha forbigåande innverknad på synet, men er elles stort sett utan betyding for det endelege resultatet.
  • Betennelse. Det vil alltid vere lett grad av betennelse (inflammasjon) i eit nyoperert auge. Auget kan derfor vere litt ømt dei første dagane. Alvorleg bakterieinfeksjon er svært sjeldan, men kan vere trugande for synet.
  • Svekking av sentralsynet som komplikasjon til operasjonen er sjeldan, men kan skje ved langtkommen grøn stær eller ved uønska langvarig lågt trykk. Om svekka syn skuldast svært lågt trykk, vil vi kunne gjennomføre alternative behandlingsmetodar for dette.