Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 18.06.2026
Ansvarlig foretak: Helse Bergen
Behandling, Distal radiusfraktur, konservativ behandling

Handleddsbrot, behandling med gips

Handleddsbrot er ein av dei vanlegaste brottypane, og er brot like ovanfor eller i sjølve handleddet. Brotet må stundom settast på plass i rett stilling før gipsing. I dei tilfella der operasjon ikkje er nødvendig, vil ein gips vere tilstrekkeleg behandling for handleddsbrotet. Gipsbehandlinga varer vanlegvis i fire til seks veker.

Før

Handleddsbrot er ein akutt skade og blir vanlegvis behandla med gips same dag. Gipsbehandlinga skjer på sjukehuset eller på legevakta.

Under

Viss brotet skal settast på plass (reponeres) vil du få lokalbedøving i forkant. Gipsen blir lagd slik at brotet skal haldast i ro og gro i best mogleg stilling.

Etter

Etter 7–12 dagar blir brotet kontrollert med eit røntgenbilde ved behov. 

Mens du har gips 

Dette er viktig å gjere mens du har gips: 

  • Hald handa mest mogleg over hjartehøgde. Dette er særleg viktig dei første dagane, og viss fingrane hovnar opp. 
  • Beveg fingrane ofte. Knytt og strekk dei heilt ut, utan å bruke for mykje kraft. Dersom dette er vanskeleg, kan du bruke den andre handa til å hjelpe. Sjå «Beveg fingrane» for meir informasjon.
  • Tren olbogen ved å bøye og strekke armen. Løft også armen over hovudet slik at skuldra ikkje blir stiv.
  • Vern gipsen mot vatn. Kalkgips toler ikkje vatn. Kunstgipsen toler litt vatn, men huda under kan ta skade av fukt. Du kan kjøpe dusjposar på apoteket.
  • Ta kontakt med sjukehuset viss gipsen kjennest for stram eller gir smerter i fingrar, tommel eller handledd. Da vurderer vi om du treng ny gips.
  • Gipsen skal ikkje hindre rørsle i fingrar eller tommel. Den skal ikkje presse tommelen inn mot handflata. 
  • Ver merksam på auka hevelse. Hevelse kan gjere gipsen for stram. For å redusere hevelse 
    • Løft armen over hovudet (10 repetisjonar) 
    • Knytt og strekk fingrane. 

Ta kontakt med sjukehuset viss hevelsen ikkje går ned og gipsen blir for stram

Om du har fått fatle, skal du berre bruke han dei første to dagane for å lindre smerte. Slutt med fatlen så snart som mogleg, elles kan olbogen og skuldra bli stive. Det vil gjere opptreninga meir krevjande. 

Informasjon frå fysioterapeut

  • Unngå brå belastning på handa, som for eksempel fall, slag og støyt.
  • Unngå å vri underarmen inne i gipsen.
  • Dersom du bruker ganghjelpemiddel, kan du støtte deg med handa så lenge det skjer roleg og kontrollert og ikkje provoserer smerte. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere. Du kan fritt støtte eller bere med olbogen.

Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg eller smørje ei brødskive så langt det går.

Når du vekselsvis knyter handa og spriker fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og da skaper du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å komme raskt i gang med å bevege fingrane så mykje som gipsen tillèt.

  • Strekk alle fingrane samtidig.
  • Sprik med fingrane.
  • Få med tommelen når du spriker med fingrane.
  • Knyt handa. Prøv å få fingertuppane heilt inn i handflata.
  • Hjelp den skadde handa med den friske, for å få fingertuppane heilt inn i handflata.
  • For å klare å knyte handa, må du bøye dei store knokane (metacarpophalangial-ledda). Hald tommelen på den friske handa inni den skadde handa, og hjelp til med frisk hand for å bøye i dei store knokane.
  • Beveg tommelen mot ein og ein fingertupp etter tur.

Beveg skuldra og olbogen normalt for at dei uskadde ledda ikkje skal stivne til. Strekk armen opp mot taket, over på motsett skulder og bak på ryggen. Strekk armane ut og bakover.

Gruppe gjør armøvelser. Foto

Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet. Hald handa over hjartehøgde for mest effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, på ryggstøtta til nabostolen, på ei pute i vindaugskarmen eller på eit høgt bord.

Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knytt handa vekselvis inne i lomma, sidan fingerrørsle er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.  

Kvinne hviler arm på stolrygg. Foto

Så snart gipsen er tatt av, skal du begynne å bevege handleddet i alle retningar. Det er normalt at det er stivt og ømt i ledd og muskulatur etter at gipsen er fjerna. Rørsla skal gradvis komme tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglege aktivitetar. Det er normalt å vere øm i dei ytre stillingane.

Det er viktig at du normaliserer aktivitetar og rørslemønsteret ditt så raskt som mogleg.

Unngå fall, slag og støyt mot handleddet den første tida. Ver varsam på glatt føre og med risikoaktivitetar som ballidrettar, kontaktidrett, trampoline, ski og anna der det er lett for å falle og ta seg for med hendene.

Det er lettare å slå opp igjen brotet den første tida. Risikoen er gradvis minkande over dei første månadene. Tungt, fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.

Du kan for eksempel tøye handa til det strammar, men det skal ikkje vere smertefullt når du gjer det.

Ver merksam

Dersom du opplever auka hevelse i fingrane og auka smerte, kan dette vere teikn på for stram gips. Dersom det ikkje hjelper å bevege fingrane og å heve armen, bør du straks ta kontakt med lege. Dersom du er i tvil, ring lege for råd.

Du bør vente med å køyre bil sjølv til du har god rørsle i handleddet igjen.

Sist faglig oppdatert 18.06.2026