Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 18.06.2026
Ansvarlig foretak:Helse Bergen
Behandling, Distal radiusfraktur, volar plate
Handleddsbrot, operasjon med innvendig plate
Handleddsbrot er ein av dei vanlegaste brottypane, og er brot like ved eller i handleddet. Ved behandling med innvendig plate blir det først lagt på ein mellombels gips, og deretter blir operasjonen utført. Det tar omtrent seks veker for brotet å gro.
Operasjonen vil som regel bli utført i løpet av ei til to veker. I ventetida får du ein gips og du kan ofte vere heime, og så møte opp på sjukehuset til avtalt tid.
Det er viktig at du bøyer og strekker fingrane mange gonger om etter at du har fått gips og held handa over hjartehøgde mest mogleg. Dette gjeld særleg dei første ei til to vekene, og dersom fingrane har tendens til å hovne opp. Det er formålstenleg å bruke den uskadde handa til å få i gang rørsla av fingrane i den skadde handa til den klarer det på eiga hand: gi starthjelp til både strekk og bøy av fingrane viss rørsle er redusert eller smertefull.
Førebuing til operasjon
Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller pastillar etter kl. 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker som vatn eller saft (men ikkje noko anna) fram til 2 timar før oppmøtetidspunktet på operasjonsdagen.
Under
Operasjon og implantat
Kirurgen opererer brotet ved å sette inn ei plate og feste den til beinet med skruar. Plata held brotet i rett stilling mens det gror. Operasjonen tar vanlegvis rundt éin time, men tida kan variere.
Etter
Det er svært viktig at du kjem deg raskt i gang med rørsle av fingrane. Dette bør startast så snart som mogleg etter operasjonen.
Eigeninnsats er viktig for best mogleg resultat og gjer faren for komplikasjonar som hevelse og tilstivning mykje mindre. Du vil få smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.
Brotet er som regel grodd etter seks veker. Opptreningstida vil variere med kompleksiteten til brotet.
Sårstell
Du skal skifte på såret dersom bandasjen har blitt skitten eller våt, dersom han begynner å losne eller om det siv sårvæske. Ein tørr bandasje kan ligge på såret i 5 dagar. Vask alltid hendene før og etter bandasjeskift.
Aktivitet / belastning
Etter operasjonen kan dei aller fleste bevega handa fritt. I dei første 6 vekene skal du likevel ikkje belaste armen med meir enn 0,5kg (omtrent vekta av ein kaffikopp) dei første 6 vekene.
Etter 6 veker kan du gradvis bruke armen meir, så langt det ikkje gir for mykje smerte. Smerta er ein viktig indikasjon på kor mykje handleddet toler.
Ta kontakt med fysioterapeut eller ergoterapeut om du har behov for rettleiing.
Fjerning av sting
Dersom det er brukt tråd inni huda, vil denne gå i oppløysing av seg sjølv og det er ikkje nødvendig med stingfjerning. Av og til er det ein knute utanpå huda. Dersom denne ikkje fell av av seg sjølv, kan ho klippast av etter 2 veker.
Dersom det er sydd med utvendig tråd, fjernar du denne etter 2 veker hos fastlegen din, eller på sjukehuset der du blei operert, avhengig av lokale rutinar. Somme stader vil stinga bli fjerna på sjukehuset der du er operert.
Hygiene
Såret må dekkast til med for eksempel plastpose ved dusjing inntil det er tørt. Etter cirka tre dagar eller når såra er tørt, kan du dusje med plaster på. Hugs da å alltid skifte til tørr bandasje etter dusjing. Når det er gått 7-10 dagar er det vanlegvis ikkje behov for plaster.
Smerter
Smertestillande på resept er vanlegvis nødvendig og dette blir avtalt med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og ein kan hente han ut på alle apotek.
Sjukemelding
Kor lenge det er nødvendig å vere sjukmeldt, er avhengig av yrket ditt. I manuelle yrke med tunge løft, må ein rekne med seks vekers sjukmelding. I andre yrke utan tunge løft, for eksempel kontorarbeid, kan det vere tilstrekkeleg med nokre dagar.
Informasjon frå fysioterapeut
Ikkje støtt deg på handa eller løft noko tungt dei første 6 vekene. Du kan støtte eller bere med olbogen:
Dersom du brukar ganghjelpemiddel, må du bytte til ein type der du støttar på underarmen, for eksempel rullator med underarmsstøtte eller underarmskrykkje (aksillekrykkje).
Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Forsøk å bruke handa til å ete, drikke, kle på deg, knyte skolisser, og enkelt husarbeid som å skjere brød, skrive på tastatur eller strikke.
Beveg olbogen og skuldra normalt for at ledda som ikkje er skada ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:
Når du vekselvis knyter handa og spriker fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og da skaper du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å komme i gang med å bevege fingrane allereie første dagen etter operasjonen.
Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet og operasjonen. Hald handa over hjartehøgde for mest effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, nabostolen si ryggstøtte, på ei pute i vinduskarmen eller på eit høgt bord.
Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knyt handa vekselvis inne i lomma, sidan å bevege fingrane er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.
Du kan begynne å bevege handleddet i alle retningar, så snart gipsen er tatt av, vanlegvis første dag etter operasjonen. Du skal ikkje tvinge fram noka rørsle med makt. Handrørsler i ei frisk hand kjennest lette, og heller ikkje i ei operert hand treng du å anstrenge musklane hardt.
Rørsla skal gradvis komme tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglegdagse aktivitetar. Ømheit i ytterstillingane er normalt den første tida.
Om du ikkje kjem i gang med å bevege handa, kan du bli oppfordra til å kontakte ein fysioterapeut i nærleiken av der du bur. Fysioterapeuten kan hjelpe deg med å bevege både fingerledd og handledd.
Handleddsbrot operert med innvendig plate (distal radiusfraktur operert med volar plate og skruer) gror vanlegvis i løpet av 6 veker. Tungt fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.
Kontroll
Du vil bli kalla inn til kontroll seks veker etter operasjonen. Ved kontrollen blir det tatt røntgen og konsultasjon med lege.
Ver merksam
Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon: