Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 13.05.2024
Ansvarlig foretak: Oslo universitetssykehus
Behandling

Handleddsbrot, operasjon med pinnar

Handleddsbrot er ein av dei vanlegaste brottypane, og er brot like ved eller i handleddet. Ved behandling med pinnar blir det først lagt på ein mellombels gips, og deretter blir operasjonen utført.

Før

Når vi vel operasjon, vil vi alltid først leggje på ein gips. Operasjonen vil som regel bli utført i løpet av ei til to veker. I ventetida kan du som oftast vere heime, og så møte opp på sjukehuset til avtalt tid.

Det er viktig at du stadig bevegar fingrane etter at du har fått gips. Dei første dagane etter brotet bør du også halde armen høgt, slik at handa ikkje blir for hoven.

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.

Under

Operasjon

Brotet blir trekt på plass, og blir fiksert så med stålpinnar gjennom huda og inn i beinet. Pinnane vil halde brotet i korrekt stilling inntil det har grodd. Sjølve operasjonen tek omtrent 30 minutt, men det kan variere. Deretter legg vi på gips.

Rett etter operasjon

Det er svært viktig at du raskt kjem i gang med å bevege fingrane. Dette bør du starte med så snart som mogleg etter operasjonen.

Dersom du kjem raskt i gang med rørsle i fingrar, er faren for komplikasjonar som hevelse eller at du blir stiv mindre. Du vil få smertestillande medikament slik at du kan gjennomføre eigentreninga.

Etter

Unngå bading når du har på gips. Dersom gipsen blir fuktig må du kontakte sjukehuset for ny gips og vurdering. Også når du dusjar må du unngå at gipsen blir våt. Vi anbefaler bruk av pose i dusjen. 

Det blir avtalt kontroll etter 1-2 veker for å skifte gips, deretter kontroll for å fjerne pinnane etter cirka fem veker, vanlegvis på poliklinikken. 

Etter at pinnane er fjerna, kan du vanlegvis starte med gradvis belastning til smertegrensa, med mindre du har avtalt noko anna med legen.

Smertestillande på resept er vanlegvis nødvendig og dette blir avtalt med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og ein kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.

Dette vil variere ut frå alvorsgrada av brotet og kva yrke du har. Dersom du ikkje har ein jobb beståande av fysisk arbeid, vil sjukmeldingstida vere cirka to veker. Har du ein jobb med tungt fysisk arbeid vil du vanlegvis trenge sjukmelding i minst seks veker. Kor lenge du blir sjukmeld, blir avgjord i samråd med legen.

Informasjon frå fysioterapeut

 

Ikkje støtt deg på handa eller løft noko tungt dei første 6 vekene. Du kan støtte eller bere med olbogen.

Veske henger på arm ved albue. Foto
Heng veska heilt inn i olbogen. Foto: Oslo universitetssykehus

Dersom du bruker ganghjelpemiddel, må du byte til ein type der du støttar på underarmen, til dømes rullator med underarmsstøtte eller underarmskrykke (aksillekrykker).

Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Forsøk å bruke handa til å ete, drikke, kle på deg, knyte skolisser, og enkelt husarbeid som å skjere brød, skrive på tastatur eller strikke. 

Beveg olbogen og skuldra normalt for at desse uskadde ledda ikkje skal stivne til. Strekk armane opp mot taket:

Gruppe pasienter sitter i ring, strekker armene opp i været. foto
Opp med armane! Foto: Oslo universitetssykehus

Når du vekselvis knyter handa og spriker fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og da skaper du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å komme i gang med å bevege fingrane allereie første dagen etter operasjonen. 

Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet og operasjonen. Hald handa over hjartehøgd for mest effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, på ryggstøtta til nabostolen, på ei pute i vindaugekarmen eller på eit høgt bord.

Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knytt handa vekselsvis inne i lomma, sidan fingerrørsle er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.

Hviler operert hånd på stolrygg. Foto
Godt å kvile handa på denne måten. Foto: Oslo universitetssykehus.

Kontrollopplegg varierer frå stad til stad. Mange vil klare opptreninga sjølv utan oppfølging hos fysioterapeut. Viss du ikkje kjem i gang med å bevege handa, kan du bli oppmoda til å kontakte ein fysioterapeut i nærleiken av der du bur. Fysioterapeuten kan hjelpe deg med å bevege både fingerledd og handledd:

Fysioterapeut behandler pasient. Foto
Det er godt å komme i gang med å røre på handa etter operasjonen.
Fysioterapeut behandler pasient. Foto
Du lærer ulike bøy- og tøy-øvingar.
Fysioterapeut behandler hånden til pasient. Foto
Du kan trene på desse øvingane når du kjem heim.
Fysioterapeut kontrollerer hånd. Foto
Det er fysioterapeuten som hjelper det med dette.

 

Alle foto: Oslo universitetssykehus.

Handleddsbrot operert med pinnar gror vanlegvis i løpet av fire til seks veker med gips. Du må ikkje bruke handa til for tunge løft eller hard fysisk aktivitet med ein gong, men gradvis auke belastninga over litt tid. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere. 

Opptreningstida er noko variabel, mange opplever noko betring i alle fall eitt år etter skaden. 

Ver merksam

Det er viktig at du tek kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:

  • raudheit

  • aukande smerte og/eller hevelse

  • puss, gul eller grøn væske frå såra

  • feber

  • sjukdomskjensle 

Sist faglig oppdatert 13.05.2024