Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 18.06.2026
Ansvarlig foretak: Akershus universitetssykehus
Behandling, Distal radiusfraktur, ekstern fiksasjon

Håndleddsbrudd, operasjon med utvendig ramme

Handleddsbrot er eit av dei vanlegaste brota, og er brot like ved eller i handleddet. Ved behandling med utvendig ramme blir det først lagt på ein midlertidig gips, og deretter utfører ein operasjonen. Du blir følgd opp med kontrollar etter to og seks veker. Det tar omtrent seks veker for brotet å gro.

Før

Dersom operasjon blir valt, vil ein først alltid leggje på ein gips. Operasjonen vil deretter bli utført i løpet av ein til to veker. Ofte kan ein vere heime i ventetida, og så møter du på sjukehuset til avtalt tid for operasjon.

Det er viktig at du beveger fingrane heile tida etter at du har fått gips. Dei første dagane etter brotet bør du også halde armen høgt, slik at handa ikkje blir for hoven.

Førebuingar til operasjon

Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røykje, bruke snus, tyggje tyggjegummi eller pastillar etter kl. 24.00. Du kan og bør drikke klare væsker som vatn og saft, men ikkje noko anna, fram til 2 timar før oppmøtetidspunkt på operasjonsdagen.

Under

Operasjon

Brotet blir operert ved at vi monterer ei ramme utanpå armen som blir festa til knoklar i underarmen og handa. Denne ramma held brotet i ro i korrekt stilling medan det gror.

Sjølve operasjonen tar om lag 30 minutt, men dette kan variere. Brotet er vanlegvis grodd etter 6 veker.


Etter

Det er svært viktig at du kjem deg raskt i gang med rørsle av fingrane. Dette bør startast så snart som mogleg etter operasjonen. 

Eigeninnsats og gjer faren for komplikasjonar som hevelse og tilstivning mykje mindre.  

Du vil få smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere. 

Brotet er vanlegvis grodd etter seks veker. Opptreningstida etter operasjonen vil variere med kompleksiteten til brotet. 

  • Byt bandasjane éin gong i veka, eller oftare om ho blir fuktig.

  • Dersom det kjem væske frå såret, vask pinnane og såra med reint vatn. 

     

  • Når det ikkje lenger kjem væske frå såret, kan du slutte med bandasje. Du treng ikkje å fjerne skorper. 

     

  • Vask alltid hendene før og etter at du skiftar bandasje.

Du kan dusje utan å dekkje til. Skyll godt med reint vatn slik at det ikkje blir liggjande såpe i såra. Tørk godt med reint handklede. Hugs å alltid skifte til tørr bandasje etter dusjing.

Du vil bli innkalla til kontroll med røntgen etter cirka to veker. Her sjekkar vi at brotet framleis står i korrekt stilling, fjernar sting og inspiserer operasjonssårene. I nokre tilfelle vil det vere nødvendig å stramme ramma. 

Dersom alt ser fint ut vil du bli innkalla til ny kontroll etter fire veker til. Da blir det tatt røntgen og ramma vil bli fjerna. Vi anbefaler at du tar to Paracet (til saman 1 gram) ein time før konsultasjonen. Du treng ikkje å få bedøving i samband med fjerninga.

Brotet treng omtrent seks veker på å gro. Derfor skal du ikkje løfte noko tungt dei første seks vekene, men du kan bruke handa til lette ting, som å løfte ein kopp og å bruke bestikk. Deretter kan ein vanlegvis starte med gradvis belastning med mindre anna er avtalt. 

Nokon har behov for ekstra smertestillande på resept. Dette avtalast med lege ved utreise. Resepten er elektronisk og ein kan hente han ut på alle apotek. Ta med legitimasjon.

Kor lenge det er nødvendig å vere sjukmeldt, er avhengig av yrket ditt. I manuelle yrke som stiller krav til tunge løft, må ein rekne med seks vekers sjukmelding. I andre yrke der ein ikkje må løfte tungt, for eksempel kontorarbeid, kan det vere nok med nokre dagar. 

Informasjon frå fysioterapeut

Ikkje støtt deg på handa eller løft noko tungt. Du kan støtte eller bere med olbogen. Dersom du bruker ganghjelpemiddel, må du byte til ein type der du støttar på olbogen, for eksempel underarmsrullator eller underarmskrykke.

Bruk handa så normalt som mogleg til vanlege, lette aktivitetar. Bruk handa til å kle på deg eller smøre ei brødskive så langt det går.

Beveg skuldaren og olbogen normalt for at ledda som ikkje er skada skal stivne til. Strekk armen opp mot taket, over på motsett skulder og bak på ryggen. Strekk armane ut og bakover medan du trekker pusten godt inn.

Gruppe pasienter strekker armene opp i luften. Foto

Når du vekselvis knyter handa og spriker fingrane, aktiverer du vene-muskelpumpa. På denne måten pumpar du hevelsen ut av handa. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege og da skaper du ein god sirkel. Derfor er det svært viktig å komme raskt i gang med å bevege fingrane så mykje som ramma tillèt.  

  • Strekk alle fingrane samtidig.
  • Sprik med fingrane.
  • Få med tommelen så mykje som ramma tillet.
  • Knyt handa. Prøv å få fingartuppane heilt inn i handflata så mykje som ramma tillet.
  • Hjelp den skada handa med den friske for å fingartuppane heilt inn i handflata.

Det er vanleg at handa er hoven den første tida etter brotet. Hald handa over hjartehøgde for mest mogleg effektiv drenasje av hevelsen. Når du sit kan du kvile armen oppå sofaryggen, på nabostolens ryggstøtte, på ei pute i vinduskarmen eller på eit høgt bord.

Så lenge det er vondt å pendle normalt med armen når du går, kan du kvile handa i jakkelomma. Strekk og knyt handa vekselvis inne i lomma, sidan fingerbevegelse er det mest effektive tiltaket for å få ned hevelsen.

Kvinne hviler arm på stolrygg. Foto

Ramma blir vanlegvis fjerna etter 6 veker. Så snart ramma er tatt av, skal du begynne å bevege handleddet i alle retningar. Det er normalt at det er stivt og ømt i blautvevet etter at ramma er fjerna. Rørsla skal gradvis komme tilbake når du gjer øvingar og tar i bruk handa til daglege aktivitetar. Ømheit i ytterstillingane er normalt den første tida. 

Handleddsbrot som er operert med utvendig ramme (distal radiusfraktur, operert med ekstern fiksasjon) gror vanlegvis i løpet av 6 veker. Etter at ramma er fjerna, er det viktig at du normaliserer aktivitetar og rørslemønsteret ditt så raskt som mogleg. Tungt, fysisk arbeid må du trappe opp gradvis. Smertegrensa er oftast ein god indikator for kor mykje du kan gjere.

 

Ver merksam

Det er viktig at du tar kontakt med sjukehuset ved teikn på infeksjon:

  • Raudfarge
  • Aukande smerte og / eller hevelse
  • Puss, gul eller grøn væske frå såret
  • Feber
  • Sjukdomskjensle
Sist faglig oppdatert 18.06.2026