Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 12.02.2025
Ansvarlig foretak: Helse Bergen
Behandling

Keisarsnitt

Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt. Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.

I Noreg skal det ligge føre ei medisinsk årsak for å gjennomføre eit planlagt keisarsnitt. Medisinske årsaker inkluderer også psykiske lidingar.

Tilvising og vurdering

Om du er gravid og har spørsmål om den kommande fødselen din, må du snakke med jordmor/lege som følger deg opp i svangerskapet. Dei kan gi deg svar på spørsmåla dine og eventuelt tilvise deg til sjukehuset der du skal føde, for å planlegge fødselen.

Før

Det er alltid ein lege som skal vurdere mor og tilstanden til barnet og avgjere om det er medisinsk grunn for å utføre keisarsnitt. Legen vurderer også om den helsemessige gevinsten kan vere større ved å utføre keisarsnittet enn ved å gå gjennom ein vanleg fødsel. Det blir alltid tatt omsyn til ønsket til kvinna i denne vurderinga.

Under

Planlagt keisarsnitt

Om det blir bestemt at du skal ha keisarsnitt, blir barnet fødd litt før termin – termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal bli utført, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, alt etter kva som er årsaka til operasjonen.

Når datoen for keisarsnitt er bestemt, får du informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar du må gjere i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen. Det er vanleg at du møter på sjukehuset dagen før eller nokre dagar før operasjonen for å ta blodprøver, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Etter dette kan nokon dra heim og komme tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen – mens andre blir på sjukehuset fram til operasjonsdagen.

Bedøving

Ved planlagt keisarsnitt er det vanlegaste at du får epidural- eller spinalbedøving. Vi gir bedøvinga på operasjonsstua. Du kan da vere vaken under operasjonen, men ser ikkje kva legane gjer og kjenner inga smerte. Du får høyre det første skriket til barnet, får sjå og om mogleg halde barnet like etter det er fødd. Følgespersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.

Når barnet er født

Med det same barnet er fødd, blir det tørka og lagt på brystet ditt, dersom du og barnet er i form til det. Fysisk hudkontakt like etter fødselen kan vere viktig for å etablere amming og tilknyting. Partnar kan også bidra med hudkontakt dersom du ikkje er i form til dette.

Akutt keisarsnitt

Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.

Om din eller barnets situasjon er slik at inngrepet må skje med éin gong, er rask handling viktig. Det gjer at informasjonen du får under det akutte keisarsnittet ikkje alltid vil vere komplett. Du får da ein samtale etter operasjonen der du får informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor.

Bedøving

Når akutt keisarsnitt er bestemt, blir du så raskt som mogleg køyrd i seng til operasjonsstua. Anestesilege og fødselslege bestemmer kva bedøving du skal ha. Du er vaken under operasjonen, og følgespersonen din kan som oftast vere med.

Om du må få narkose, kan det ikkje vere andre enn helsepersonell til stades på operasjonsstua. Da vil følgespersonen din måtte vente på fødeavdelinga. Det tar kort tid frå operasjonen startar til barnet er fødd. Heile operasjonen kan ta cirka 30–60 minutt. Om barnet ikkje treng ekstra oppfølging etter operasjonen, kan følgesperson ha barnet hos seg til operasjonen er over.

Etter

Etter operasjonen blir du flytta til postoperativ avdeling. Kor lenge du må vere på postoperativ avdeling avheng av årsaka til keisarsnittet og tilstanden din. Her blir du overvakt fram til tilstanden din er stabil og du kan flytte til barselavdelinga.

Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut frå dine og barnets behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokre dagar.

Det er viktig at du følger med på om det kjem teikn til infeksjon i operasjonssåra. Teikn på infeksjon er:

  • raudflamma og irritert hud rundt såret
  • hevelse
  • væske frå såra
  • feber
  • smerter

Om du observerer nokre av desse symptoma, bør du ta kontakt med lege. Alle kvinner som er forløyste med keisarsnitt vil få eit spørjeskjema cirka 4–6 veker etter operasjonen med spørsmål om forløpet etter operasjonen.

Dersom såra på magen er «sydde» med agraffar/stifter kan dei fjernast hos fastlege etter cirka 5–10 dagar ved bikinisnitt og 8–10 dagar ved lengdesnitt eller reoperasjon. Same prosedyre gjeld om du er sydd med tråd som ikkje løyser seg opp av seg sjølv.

Du vil trenge smertelindring for operasjonssåra ditt på barselavdelinga og du vil få dette etter behov. Mange har også luftsmerter etter keisarsnittet. Det at du bevegar deg kan hjelp for dette.

Om du reiser heim tidleg etter fødselen, kan du framleis ha behov for smertestillande dei første dagane etter at du kjem heim. Smertene skal gradvis minke så det er vanlegvis ikkje behovet for smertelindring utover 5–7 dagar. På sjukehuset vil du få råd om kva for nokre smertestillande du kan bruke.

Pusten

Sårsmerte og lite rørsle rett etter operasjonen, gjer at nokon pustar meir overflatisk enn vanleg. Dette kan gjere at du får meir slim i lungene. Det kan hjelpe å gjere desse pusteøvingane:

  1. Legg hendene dine nedst på magen og kjenn at magen bevegar seg utover når du pustar djupt inn. Slepp pusten og kjenn at magen bevegar seg innover. Denne øvinga kan også få deg til å oppnå god avspenning i kroppen. Gjenta 5–10 gonger.
  2. Pust djupt samtidig som du strekk ein arm godt opp over hovudet, og senk han roleg ned igjen. Kvil litt og gjer det same med motsett arm. Gjenta 5–10 gonger.
  3. Skift ofte stilling i senga. Etter operasjonen kan du veksle mellom å ligge på ryggen eller på begge sidene. Om du ønsker det, kan du ligge på magen med 1–2 puter under magen. Putene avlastar både bryst, rygg og operasjonssåra på magen.
  4. Be personalet om hjelp dersom du synest det er vanskeleg å finne gode kvilestillingar.

Blodomløpet

For å auke blodsirkulasjonen og dermed redusere faren for blodpropp, er det viktig å begynne å bevege seg tidleg etter operasjonen. Om du ligg mykje i senga dei første dagane etter operasjonen, bør du gjere øvingar i senga.

  1. Bøy og strekk i anklane.
  2. Bøy og strekk vekselvis høgre og venstre bein, mens hælen har kontakt med underlaget.
  3. Knip saman rumpa, strekk beina, hald eit sekund og slepp.

Gjer kvar øving 5–10 gonger, helst fleire gonger om dagen.

Dagen etter operasjonen er det fint om du sit litt på sengekanten, og tar nokre steg i rommet. Etter ein operasjon, er det ikkje uvanleg å bli svimmel dei første gongene du skal reise deg opp. Det gjer at du kanskje treng litt hjelp i starten.

Operasjonssåra bør ikkje bli belasta dei seks første veker etter operasjonen. Det er derfor viktig at du:

  • unngår tungt husarbeid som støvsuging og golvvask
  • unngår tunge løft, som løfting av eldre søsken, handleposar, barnevogn inn og ut av bil og liknande
  • gjer lette treningsøvingar for magen, men vent i 12 veker før du tar situps
  • held på operasjonssåra når du hostar og nys

I barseltida er det viktig at kroppen får hente seg inn igjen etter svangerskap og fødsel. Kvile er like viktig som aktivitet, og det er lurt å ta seg fleire gode kvilestunder kvar dag. Spør gjerne jordmor eller fysioterapeut om tips om gode kvilestillingar.

Det er flott at du bevegar deg. Gå gjerne tur. Start med korte turar, så kan du auke lengda etter kvart. Du kan sjølv trille vogna, men prøv å unngå dei brattaste bakkane i starten.

Bekkenbunnsmuskulaturen er svekt etter svangerskapet. Trening av bekkenbotnen er like viktig for deg som har fødd ved hjelp av keisarsnitt, som for deg som har fødd på vanleg måte. Start gjerne treninga med éin gong etter fødselen.

Etter ein fødsel – og kanskje spesielt når fødselen ikkje skjer som venta – vil ein kunne sitte igjen med ei rekke spørsmål som gjer det vanskeleg å forstå kva og kvifor det skjedde som det gjorde. Nokon kan også få ein psykisk og/eller fysisk reaksjon.

Om fødselsopplevinga pregar deg på ein negativ måte, kan det vere godt å få snakke med nokon som var til stades under fødselen eller anna helsepersonell som kan forklare deg meir om kva som skjedde og kvifor. Snakk med personalet på barselavdelinga, eller med jordmor/lege som følgde deg opp under svangerskapet, om du ønsker ein gjennomgang av fødselsforløpet.

Ver merksam

Som ved alle operasjonar er det ein risiko for komplikasjonar etter eit keisarsnitt. Dei vanlegaste komplikasjonane er bløding, infeksjonar og problem med vasslatinga. Etter at du har reist frå sjukehuset, må du oppsøke lege om du får teikn på infeksjon eller føler at du ikkje greier å tømme blæra skikkeleg.

Sist faglig oppdatert 12.02.2025