Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 01.10.2024
Ansvarlig foretak: Oslo universitetssykehus
Diagnose

Diabetes hos barn

Dei aller fleste barn og ungdommar som har diabetes, blir behandla med insulin. Sidan insulin ikkje kan lagast som tablettar, må det givast som injeksjonar. Det er utvikla ulike injeksjonspennar som insulin blir gitt med. Insulin kan også givast med ei insulinpumpe. Insulinpumpa blir kopla til barnet med ein slange som endar i eit kort plastrøyr. Dette røyret går inn under huda til underhudsvevet, og herfrå blir insulinet soge opp.

Symptomer

Diabetes oppstår når bukspyttkjertelen sluttar å produsere insulin. Symptoma kjem av at blodsukkeret når eit så høgt nivå at kroppen kvittar seg med sukkeroverskotet. Det skjer ved at nyra skil ut sukker i store mengder. For at nyra skal kunne skille ut sukker, må dei ha vatn som sukkeret kan følge med, og personen blir tørst og drikk mykje.

Dei klassiske teikna er at barnet drikk mykje, tissar mykje og har vektnedgang. Barn som er tørre, kan begynne å tissa på seg igjen. Nokon blir slappe og trøytte.

Tilvising og vurdering

Barn som får diabetes, skal leggast inn som akutthjelp.

Viss du trur at barnet ditt kan ha fått diabetes, skal du ta kontakt med fastlegen eller legevakta. Det vil bli teke ei blodprøve for å finne ut kva verdi blodsukkeret har. 

Barnet skal tilvisast via telefon til næraste barneavdeling, og dokker skal dra dit så raskt det er praktisk for dokker.

Det hender at små barn blir svært sjuke når diabetes oppstår, så det er viktig å ta kontakt med lege raskt.

Fastlegen kontakter sykehuset via telefon for øyeblikkelig innleggelse.       

Sist faglig oppdatert 01.10.2024