Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ansvarlig foretak: Helse Møre og Romsdal

Diagnose

Irritabel tarm-syndrom (IBS), nynorsk

Irritabel tarm-syndrom (IBS) er kjenneteikna av magesmerter ved endringar i avføringsmønsteret. Nokon opplever plager med forstopping eller diaré. Nokon har eit vekslande og uføreseieleg avføringsmønster. Sjukdommen er ikkje farleg, men han kan vera svært plagsam i dagleglivet og setja avgrensingar for livsutfoldinga. Tilstanden er kronisk dersom han har vart i over eit halvt år. Alvorsgrada varierer mykje frå person til person. IBS rammer omtrent 15 av 100 i befolkninga.

Irritabel tarmsyndrom (IBS) kan gi plager som magesmerter, forstoppelse, oppblåsthet og diaré. Symptomene forverres ofte av stress og enkelte matvarer, men mange opplever god bedring med livsstilsendringer.

Les meir på helsenorge.no

Tilvising og vurdering

Dei fleste pasientane med IBS kan følgast hos fastlegen og treng ikkje behandling eller utgreiing på sjukehus. Nokre pasientar har uttalte plagar og har derfor behov for vurdering hos spesialist. Før ein blir tilvist, anbefaler vi at grunnleggande utgreiing er utført, og dette bør det opplysast om i tilvisinga frå fastlegen.

Tilvisinga bør innehalde:        
  • Sjukdomsdisposisjon i familien (cøliaki, autoimmun sjukdom, inflammatorisk tarmsjukdom, gastrointestinal og annan kreftsjukdom)
  • Annen sjukdom inklusive autoimmun sjukdom
  • Symptombilde og symptomvarigheit
  • Resultat frå relevant utgreiing (til dømes endoskopi med histologi, cøliakiprøver, fekal kalprotektin og andre avføringsprøver og aktuelle blodprøver)
  • Behandlingsforsøk til no
        

Utredning

Behandling

Oppfølging