Etter ei vurdering av sjukehistorie og undersøking hos lege kan ein ofte stå igjen utan mistanke om sjukdom. Då kan ein kalle magesmertene for funksjonelle. Nokon kan også ha høyrt namnet IBS (Irritabel Tarm Syndrom på norsk). Då har ein i tillegg ofte laus eller hard avføring. Desse magesmertene kan vere svært plagsame, men dei er ufarlege. Tilstanden har god prognose, men kan vare nokre år.
Diagnose
Magesmerter hos barn og ungdom
Magesmerter hos barn er vanlegvis ikkje sjukdom. Oftast er det ikkje betennelse eller andre påviselege skadar eller sjukdommar i tarmen eller magen.
Ved følgjande symptom bør det gjerast ei undersøking av lege:
- Nedsett allmenntilstand.
- Smerter som har stor påverking på kvardagsfunksjon.
- Gulsott.
- Vedvarende oppkast.
- Svelgevansker.
- Feber utan infeksjonsmistanke.
- Kul i magen.
- Vekttap.
- Laus, blodtilblandet/slimete avføring.
- Nattlig, laus avføring, utan infeksjonsmistanke.
- Smerter om natta, magesmerter langt frå navlen, stadig aukande smerter.
- Inflammatorisk tarmsjukdom eller cøliaki i familien
Utgreiing
Korleis skal ein forstå magesmerter utan funn av sjukdom hos barn og ungdom?
Det er ikkje éi enkelt årsak til desse magesmertene. Fysiske faktorar som gjennomgått infeksjon kan ha noko å seie, men symptoma kan bli verre hos mange av stress og bekymring. For å forstå mønsteret som kan gi magesmerter må ein leite etter rettesnorer både for trivselen til barnet /ungdommen, tidlegare opplevingar/erfaringar i livet, korleis barnet har det på fritida og heime. Alle desse dannar grunnlaget for å forstå meir av smertene barnet har.
Kva kjem smertene av?
Vanlege årsaker er forstopping og luft i magen, men ein treng ikkje ha nokon av delane for å ha langvarige magesmerter.
Oppfølging
Dei fleste barn der mistanken om fysisk årsak til magesmerter er liten, kan følgast av fastlegen. Dei fleste blir bra innan nokre år.