Blæreproblem kan ofte behandlast ganske enkelt – det handlar om å hjelpe barnet til å få kommandoen over hans/hennar eigen blære. Her er nokre grunnleggande råd:
- Gå ofte på toalettet: kvar andre time eller omtrent seks gonger kvar dag (når barnet står opp om morgonen, midt på formiddagen, omkring lunsj, midt på ettermiddagen, seint på ettermiddagen og før sengetid).
- Ikkje ha hastverk når du tissar! Gi blæra tid til å tømme seg fullstendig. Sitt med god støtte for begge lår og føter.
- Ikkje drikk for lite. Omtrent éin liter med væske (mest vatn) per dag er nok.
- Gutar kan stå eller sitte. Det er tilrådd at dei sit, for då slappar dei betre av i bekkenbotnen.
- Ver merksam på teikn til forstopping.
- Forklar for barnet korleis blæra verkar. Dette vil auke hans / hennar evne til samarbeid.
- Unngå å presse urin ut med bekkenmuskulatur. La strålen renne fritt utan å trykke.
Blæretrening
Blæretrening er utgangspunktet i all behandling av barn med tisseproblem på dagtid. Målet er at barnet skal tisse ofte, regelmessig og fullstendig, og på denne måten lære å kjenne tissetrong og ta kontroll over blæra og tissinga.
Kva skal barnet gjere?
- Gå på do og tiss når du kjenner trong, aldri gå og ”hald” deg.
- Tiss til faste tider, sjølv om du ikkje kjenner trong. Kor lang tid det skal gå mellom kvar gong du tissar avtalar du med helsesjukepleiaren, uroterapeuten eller legen.
- Den lettaste delen av jobben er å tisse rett etter at du har stått opp, og like før du legg deg. For resten av dagen må du velje faste tider.
- Tissetidene må vere tilpassa rutinane dine på skulen, SFO, heime og på fritidsaktivitetar. Sett deg ned med mamma og pappa og lag ein plan.
Det er ikkje lett å hugse klokkeslett. Derfor bør tissetidene knytast til visse rutinar i kvardagen. - Du må skrive dei avtalte tidene på eit skjema som du lærer deg utanåt, eller som du har med deg. Du kan bruke eit skjema som du får av legen, eller lage ditt eige.
- Det er ditt ansvar å passe tidene. Mamma, pappa, lærar på skulen eller vaksne på SFO kan gjerne hjelpe deg å hugse tidene, men dei kan ikkje gå på do for deg!
- Prøv å tisse på rett måte slik at du tømmer blæra. Ta deg god tid. Dette er viktig, alt anna kan vente. Sitt godt på doen med beina på golvet eller på ein skammel. Om du står, må du ta buksene heilt ned. Øv på å slappe godt av, og la tisset renne av seg sjølv.
Til mamma og pappa: Ikkje mas på barnet. Nøkkelord er pedagogikk og psykologi.
Treningsprogram for å oppnå god blærefunksjon
- Barnet må ikkje halde seg, men tisse så snart det kjenner trong.
- Barnet bør tisse til visse tider, anten det kjenner trong eller ikkje. Om dagen bør det ikkje gå meir enn 3 timar mellom kvar gong barnet tissar.
- Barnet bør tisse like før det legg seg om kvelden og like etter at det står opp om morgonen, sjølv om det har vorte vått i senga.
- Tissetidene må tilpassast dagsprogrammet til barnet/timeplanen til skulen. Nokre barn vil helst gå på do i eit friminutt, nokon vil heller gå i ein time. Læraren kan gjerne vere orientert slik at det blir lett å gå på toalettet på skulen.
- Blæretrening er kognitiv trening, og barnet bør «eige» treninga sjølv. Det betyr at barnet må vere med på planlegging og vere ansvarleg for gjennomføringa sjølv. Foreldre/lærar kan oppmuntre/minne på, men må ikkje sjølv overta treninga.
- Barnet bør ta seg god tid når det tissar. Målet er ein avslappa bekkenbotn. Det bør sitje med god kvile for låra, ha føtene kvilande på golv eller skammel og gjerne bøye seg litt framover.
- Det kan vere lurt å la ei vasskran renne. Barnet kan også prøve å tisse fleire gonger ved kvart dobesøk.
- Gutar bør sette seg ned på do, spesielt om dei væter seg om dagen.