Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 05.03.2026
Ansvarlig foretak: Helse Bergen
Undersøking

CT av hjartet

Moderne CT-maskiner kan framstille kransårane til hjartet raskt og på ein trygg og enkel måte.

Kvifor blir undersøkinga gjennomført?

Undersøking av kransårane til hjartet (koronar angiografi) blir utført ved mistanke om koronarsjukdom (angina pectoris). Ved koronar angiografi kan ein påvise forsnevringar (stenoser) på kransårane og ut frå funna kan ein avgjere om det er behov for behandling med blokking (PCI) eller koronarkirurgi.

Teknologiske framsteg har ført til at CT-skanning i mange tilfelle kan erstatte tradisjonell invasiv koronar angiografi der kontrast blir sett direkte i ei kransåre etter innføring av eit kateter. Det er derfor stadig fleire pasientar som blir undersøkte med CT framfor koronar angiografi med kateter.

Kva er CT-skanning?

CT-skanning av kransårane er ein rask og trygg teknikk med få komplikasjonar. Om det ikkje blir påvist forsnevringar på CT kan ein med stor sikkerheit utelukke kransåressjukdom som årsak til brystsmerter.

CT- skanning er også ein god metode for å påvise forsnevringar i åra. Viss CT viser kransåressjukdom, kan det vere aktuelt å gå vidare med invasiv koronar angiografi med kateter. I mange tilfelle der CT viser kransåressjukdom er det tilstrekkeleg med medisinsk behandling som for eksempel kolesterolsenkande medisin, blodfortynnande behandling eller medisinar mot angina.

Hos enkelte pasientar kan det vere mykje kalk i åreveggen. Da kan det vere vanskeleg å tolke CT-bilda.

Tilvising og vurdering

Tilvising til CT av koronarkar blir gjord av kardiolog eller indremedisinar. Pasientar med mistanke om kransåressjukdom skal visast til vurdering ved hjarteavdeling eller indremedisinsk avdeling, eventuelt privatpraktiserande kardiolog, som vurderer om det er grunn til å utføre CT-skanning av kransårane.

  • Opplysningar om tidlegare hjarteinfarkt, tidlegare inngrep på kransårane (utblokking (PCI), bypass-operasjon osv.) og risikofaktorar for kransåressjukdom bør vere med i ei tilvising.
  • Informasjon som bekrefta nyrefunksjon (s-kreatinin og e-GFR) bør ikkje vere eldre enn ei veke.
  • Dersom pasienten tidlegare har hatt ein reaksjon på røntgenkontrast, må det gjerast greie for når reaksjonen oppstod, symptom, kontrasttype og kva utgreiing det gjaldt.

Før

Faste medisinar kan takast som vanleg, du treng heller ikkje å faste. 

Ikkje drikk koffeinhaldig drikke som kaffi, cola og te den dagen du skal ta CT av hjarte. Dette aukar hjartefrekvens med nedsett bildekvalitet som resultat, og må derfor unngåast inntil undersøkinga er gjennomført. Av same grunn skal du ikkje røyke før undersøkinga. 

Berekn god tid til oppmøte slik at du unngår høg puls som følge av stress/løping rett før undersøkinga. Det er ein fordel med litt ekstra væskeinntak på undersøkingsdagen. 

For CT-undersøking blir det brukt røntgenstrålar. Ved graviditet eller usikkerheit om pasienten er gravid, skal det vurderast grundig om undersøkinga kan utsettast eller om pasienten kan ta andre undersøkingar utan røntgenstrålar.  
 
Før undersøkinga må du opplyse om eventuell tidlegare reaksjon på kontrastvæske. Vanlegaste reaksjon på kontrastvæske er eit kløande utslett, som går raskt tilbake ved hjelp av ein tablett antihistamin. I alvorlege tilfelle kan pasienten få pustevanskar eller eit stort blodtrykksfall. Slike reaksjonar er svært sjeldne, og oppstår for det meste kort tid etter at kontrastvæska er gitt. 
 
Det er påkravd å ta ei blodprøve kort tid før CT-undersøkinga for å sikre at nyrefunksjonen ikkje er sett ned. Kontrastvæske kan forverre nyrefunksjonen, spesielt utsett er pasientar med diabetes mellitus. Den skadelege effekten er avhengig av mengda kontrastvæske og utgjer sjeldan ein fare ved CT av kransårane.  
 
Før undersøkinga vil det bli tatt eit EKG. 

CT-undersøkinga går føre seg ved røntgenavdelinga der det blir det sett inn eit plastrøyr (veneflon) i ein vene i olbogen. Tilgang til blodbanen er nødvendig for å kunne gi medikament og kontrastvæske. 

Under

EKG-elektrodar blir festa på kroppen for overvaking av hjarterytmen.

For å få gode CT-bilde er det viktig at hjartefrekvensen ikkje er for høg. Dersom det er nødvendig blir betablokkere (for eksempel Seloken) gitt som tablett eller sett intravenøst for å senke frekvensen.

CT-undersøking av hjarte tar cirka 20 minutt.

Etter

CT-bilda blir granska kort tid etter at skanninga er ferdig.

Du får beskjed om resultatet enten skriftleg frå sjukehuset eller via telefon. Det blir også gitt beskjed om vidare opplegg. Det er tre moglege utfall av CT-undersøkinga:

  1. Kransårane er normale. Det er da ikkje grunn til ytterlegare utgreiing med tanke på kransåresforsnevringar.
  2. Det er moderate avleiringar (aterosklerose) i kransårane, men ikkje behov for blokking eller kirurgi. I slike tilfelle er det viktig med førebyggande tiltak og eventuelt kolesterolsenkande medisinar.
  3. Det ligg kransåresforsnevringar føre som krev vidare utgreiing, eventuelt med invasiv koronar angiografi med kateter.
Sist faglig oppdatert 05.03.2026