Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ansvarlig foretak: Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten

Undersøking

Endoskopisk undersøking av gallevegane

ERCP er ei undersøking av gallevegar og bukspyttkjertel ved bruk av ein bøyelig slange. ERCP-slangen blir ført inn gjennom munnen, ned gjennom spiserøret og magesekken og ned til tolvfingertarmen. Med spesialutstyr får ein tilgang til gallegangane eller bukspyttkjertelgangen gjennom opninga deira i tolvfingertarmen.

Ved ERCP kan vi undersøkje om det er sjukdomar i lever, gallevegar og bukspyttkjertelen. Vi kan òg ta vevsprøver (biopsi) og eventuelt behandle enkelte tilstandar direkte via ERCP-slangen.

Før

Det er vanleg at det blir gitt ein roande medisin i forbindelse med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar. Du må derfor sørge for transport heim etter undersøkinga.

Før prosedyren må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under prosedyren. Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal komme godt forberedt til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette prosedyren.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks 150 ml). Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset.

Bruker du Plavix, Clopidogrel, Brilique, Pradaxa, Xarelto, Eliquis, Fragmin eller Marevan, må du stoppe å ta desse medisinane for å redusere risikoen for bløding i forbindelse med undersøkinga. Snakk med fastlegen din om du kan stoppe midlertidig med desse medisinane. 

Meir om blodfortynnande

Plavix, Clopidogrel og Brilique kan du ta inntil 5 dagar før undersøkinga. 
  • Asasantin kan du ta inntil 3 dagar før undersøkinga.
  • Pradaxa, Xarelto og Eliquis kan du ta inntil 48 timar før undersøkinga. 
  • Marevan kan du ta inntil 48 timar før undersøkinga. Bruker du Marevan, må du møte for blodprøvekontroll minst 2 timar før avtalt time. 
  • Bruker du Albyl-E, kan du fortsette med å ta den. 
  • Fragmin-sprøyter kan du ta inntil kvelden før undersøkinga.
Andre forhold
Har du diabetes og bruker insulin, kan du kontakte oss for å få timeavtale tidleg på dagen. Tar du livsviktige medisinar som ikkje kan bli utsett, kan du kontakte oss for å få ei tidleg timeavtale. Ta med deg medisinane, så du kan ta dei etter undersøkinga. Vi ønsker at du tar med deg ei oppdatert liste over medisinar du bruker. Gi oss beskjed dersom du er allergisk mot nokre medikament.

Ta kontakt med avdelinga dersom du har kunstig hjarteklaff.

 




Under

Denne undersøkinga er ei forlenging av ein vanleg gastroskopi og blir gjort for å kartlegge tolvfingertarmen, nedre gallevegar og delar av bukspyttkjertelen.
 
Under undersøkinga blir ein fiberoptisk slange med kamera på tuppen (skop) ført gjennom munnen og ned i tolvfingertarmen. Derfrå kan tolvfingertarmen, bukspyttkjertelgangen og gallegangen bli vurdert nærmare. I tillegg kan ein sette kontrast gjennom slangen og ta røntgenbilde.
 
Like før undersøkinga vil du få spraya lokalbedøving i svelget. Denne verkar i omtrent ein halvtime. Det blir vanlegvis gitt både smertestillande og roande medisin før undersøkinga. Du vil få ein plastring plassert mellom tennene for å hindre at du bit i skopet.
 
Denne undersøkinga kan også bli brukt til lindrande behandling av store svulstar som gjer gallegangen trong. I slike tilfelle kan ein legge inn ein gallestent for avlasting av gallevegane. 

Undersøkinga tar rundt 30 minutt.
 
Det er vanleg med ubehag som brekningstendens, trykkfølelse og å kjenne seg oppblåst ved denne undersøkinga.




Etter

Etter undersøkinga må du vere til observasjon til neste dag, med mindre det blir bestemt at du kan reise heim etter nokre timars observasjon på sjukehuset. Du kan ikkje sjølv køyre bil før dagen etterpå på grunn av medisinar som blir gitt ved undersøkinga.

Når får eg resultatet? 

Vanlegvis får du vite resultatet med ein gong etter undersøkinga. Det tar 2-4 veker å få svar på eventuelle vevsprøver som er tatt. Resultatet og eventuelle prøvesvar vil bli sendt til legen som har tilvist deg, og til fastlegen din.

Forholdsreglar etter undersøkinga 

Etter undersøkinga kan du føle deg litt oppblåst og ha noko mageknip. Det er også vanleg å ha litt sår hals dei første dagane etter undersøkinga. Du kan som regel drikke væsker, flytende føde 2 timer etter undersøkelsen og frem til neste morgen.


 

Ver merksam

Dersom du får sterke magesmerter eller blodig oppkast etter at du har komme heim, må du kontakte sjukehuset.
 
Komplikasjonar ved ERCP er sjeldne. I nokre tilfelle kan bukspyttkjertelen bli betent, og det kan oppstå bløding ved utviding av gallegangsopninga. Svært sjelden kan det gå hol på tarmen, og operasjon kan då bli nødvendig.