Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 04.02.2025
Ansvarlig foretak: Oslo universitetssykehus

Undersøking

Flowmetri- og resturinbestemmelse,barn

Ein flowmetri-do er eit apparat forma som eit toalett eller ein stol. Undersøkinga etterliknar ein vanleg toalettsituasjon der barnet sit på dostolen og tissar ned i ei trakt med eit beger under som samlar urinen. Flowmetri-doen er tilkopla ei datamaskin som registrerer målingane.

Kvifor gjer vi undersøkinga?

Flowmetri blir brukt som ledd i utgreiing dersom barnet har problem med vasslating i form av urinlekkasjar, hyppig/sjeldan vasslating, nattvæting eller anna. 
 
Undersøkinga gir god informasjon om blære‐ og urinrøyrfunksjonen, altså korleis du tissar. I tillegg blir det målt rest-urin for å sjå om barnet klarar å tisse blæra heilt tom. Rest-urinbestemminga gjer vi ved hjelp av ultralyd/blæreskannar. 

 

Før

Snakk med barnet om kva som skal skje. Barnet skal drikke meir enn normalt før undersøkinga, omtrent 3–5 dl i løpet av siste timen før. Barnet møter med så full blære som mogleg. Unngå å tisse dei siste to til tre timane før undersøkinga. 

Dersom det blir ventetid før barnet kjem inn til undersøkinga, og barnet opplever sterk vasslatingstrong, sei frå i ekspedisjonen. Elles blir undersøkinga gjort når barnet sjølv seier frå at det må tisse. Rest-urinen blir målt etter at barnet har tissa. 

Nokre gonger er det ønskt å få ferdig utfylt vasslatingsskjema/bleievegetest før undersøkinga. Informasjon om dette vil følge innkallinga.

Under

Flowmetri-undersøkinga går føre seg inne på behandlingsrommet. Barnet må klare å tisse på eit litt uvant toalett. Føresette kan vere til stades dersom barnet ønsker dette. Etterpå skal barnet ligge på ein behandlingsbenk for måling av rest-urin. Vi tar litt ultralydgele på magen når vi skal måle rest-urinen og bruker ein avrunda sonde som blir lett trykt mot magen. Det vil vere uro-terapeut til stades, og nokre gonger også lege. 

Gjer det vondt? 

Vasslatinga skjer på den måten barnet er vant med. Geleen som blir brukt for rest-urinbestemminga, kan verke litt kald. Elles er det berre eit lett trykk mot magen. Nokre opplever at det kan kile litt. 

Kor lenge varer undersøkinga? 

Det er sett av om lag ein til ein og ein halv time for samtale, undersøking og oppsummering. Det kan nokre gonger vere vanskeleg å berekne akkurat når barnet må tisse. Sjølve rest-urinbestemminga tar rundt fem minutt. 


Etter

Barnet kan reise heim med ein gong etter samtala og undersøkinga er ferdig. Det er ingen biverknader eller forholdsreglar ein må ta etter undersøkinga. 

Når får ein resultatet? 

Resultatet får ein munnleg med ein gong. I tillegg sender vi svar til lege/barneavdeling som har tilvist til undersøkinga, samt til fastlege og til heimen. 
Sist faglig oppdatert 04.02.2025