Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 13.02.2025
Ansvarlig foretak: Helse Bergen
Undersøking, Sukkerbelastningstest

Glukosebelastningstest

Glukosebelastningstest blir brukt for å stille diagnosen diabetes. Dette er ei undersøking der ein kontrollerer kroppens evne til å regulere blodsukkernivået. Eit blodsukkernivå innanfor normalområdet er viktig for god helse.

Tilvising og vurdering

Du kan ta glukosebelastningstest hos fastlegen din, eller du kan bli tilvist til poliklinikk ved sjukehus for å få gjennomført testen.

Før

Du må møte fastande til glukosebelastningstesten. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke, røykje eller tyggje tyggjegummi etter midnatt kvelden før undersøkinga.

Under

På undersøkingsdagen blir det først blir det tatt ein blodprøve for å kontrollere blodsukkerverdiane når du er fastande. Deretter må du drikke ein sukkerhaldig drikk (inneheld sukker/glukose tilsvarande sukkerinnhaldet i 0,75 l cola). Du sit deretter i ro i to timar på legekontoret, og så blir blodsukkeret målt på nytt.

Du må ikkje ete, drikke, røykje, eller tyggje tyggjegummi i ventetida, og du må halde deg i ro fordi aktivitet kan verke inn på blodsukkerverdiane dine. Det kan vere greit å ha med lesestoff eller lignande til undersøkinga.

Undersøkinga er over etter at siste blodprøve er gjennomført. Heile undersøkinga tar om lag 3 timar.

Etter

Resultatet av blodprøvane er klare same dag som testen blir gjennomført. Lege eller jordmor som tilviste deg til glukosebelastningen vil tolke resultatet og forklare deg meir, og informere om vidare oppfølging og tiltak.

Ver merksam

Nokon kan bli uvel på grunn av fastinga og/eller ved å drikke den sukkerhaldige væska.

Sist faglig oppdatert 13.02.2025