Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
  • Pasientinformasjon i fellesinnhold
    Denne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.

Undersøking

Kapillaroskopi, nynorsk

Kapillaroskopi er ein metode for å undersøke dei minste blodårene i naglesengene (kapillar). Til dette bruker vi eit mikroskop, eit såkalla videokapillaroskop. Bilda blir vist på ein skjerm og overført til ein datamaskin slik at vi kan lagre dei for seinare samanlikning.
Kapillaroskopi bruker vi oftast til å undersøke pasientar med «likfingrar» (Raynauds fenomen) og til å undersøke og følge opp pasientar der vi mistenker revmatisk bindevevssjukdom. 

I dei fleste tilfelle førekjem Raynauds fenomen utan annan underliggande sjukdom, men symptomet kan i enkelte tilfelle også vere eit teikn på revmatisk bindevevssjukdom. I så fall ser vi endringar i dei små blodårene samanlikna med det som er normalt. 


Før

For å få best mogleg resultat er det viktig at fingrane dine er varme. Du må derfor vere i romtemperatur i minst 15 minutt før undersøkinga startar. 

Du må ikkje røyke siste timen før undersøkinga, då dette kan føre til samantrekking av dei små blodårene og gjere undersøkinga vanskelegare. Du bør ikkje ha på deg naglelakk, då dette gjer innsynet dårlegare. 


Under

For å få best mogleg kontakt bruker vi ei olje eller gel i naglesengene. Vi undersøker naglesengene med eit lite mikroskop, og bilda blir overført til ein dataskjerm for vidare vurdering. 

Ver merksam

Det er ingen risiko eller fare for komplikasjonar ved denne undersøkinga.