Det er viktig å førebu barnet eller ungdommen på korleis målinga skal utførast.
Undersøking
Dette er ein enkel pusteprøve som måler den raskaste utpusten barnet eller ungdommen kan klare. Målinga skjer ved hjelp av eit enkelt lite pusteapparat (PEF-målar), og blir brukt til å diagnostisere eller kontrollere sjukdommar i lunger og luftvegar. PEF står for peak expiratory flow, som betyr maksimal utandingsfart. PEF blir målt i liter per minutt.
Det er viktig å førebu barnet eller ungdommen på korleis målinga skal utførast.
PEF-målinga kan gjerast heime. Målet er å få eit inntrykk av lungefunksjonen over tid.
Legen vil forklare korleis de skal forhalde dykk ved ulike resultat av PEF-målinga.
Resultata frå målingane blir gått gjennom med legen på neste kontrolltime.