Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 28.10.2024
Ansvarlig foretak: Sykehuset Østfold
Undersøking, Defecografi

Røntgen med tømming av tarmen

Defecografi er ei undersøking av tømming frå endetarmen. Undersøkinga er skånsam og lite smertefull.

Før

Du må faste frå midnatt dagen før undersøkinga. Det betyr at du ikkje skal drikke eller ete noko frå midnatt og fram til undersøkinga.

Under

Når du kjem til oss, får du kontrastmiddel som du skal drikke. Etter at du har drukke kontrast, må du vente i cirka 1,5 time før vi kan gjennomføre undersøkinga. Denne tida disponerer du fritt. Etter ein halvtime kan du ete eit måltid, så du kan ha med deg matpakke eller gå i kafeen.

Før undersøkinga må du skifte til sjukehusklede. Når du kjem inn i undersøkingsrommet, må du ligge på ein benk der du får kontrast i endetarmen via ein endetarmssonde. Deretter skal du sette deg på ein toalettstol, og presse for å tømme tarmen.

Vi sit i eit anna rom og tar røntgenbilde. Du blir tildekt nedantil, og vi ser ikkje at du sit på toalettstolen.

Mann i pasientklær som sitter på en toalettstol
Du har på deg sykehusklær og sitter på en toalettstol under undersøkelsen.

 

Etter

Etter undersøkinga kan du gå på toalettet, vaske deg og kle på deg igjen. Du kan deretter reise heim. Røntgenbilda blir granska av ein røntgenlege (radiolog) og resultatet av undersøkinga blir sende til legen som har tilvist deg.

Sist faglig oppdatert 28.10.2024