Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Undersøking, Pusteprøve

Spirometri

Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din – både kor mykje luft du maksimalt får til å puste ut, og kor raskt du får til å puste ut.

Før

Du blir målt og vegd for undersøkinga.

For at testen skal gi best mogleg resultat er det viktig at du:

  • unngår å ete eit større måltid den siste timen før undersøkinga
  • unngår å bruke tobakk den dagen du skal til undersøkinga
  • unngår å anstrenge deg ein time før undersøkinga

Inhalasjonsmedisin

  • Dersom mogleg, unngår å ta inhalsjonsmedisin 6–48 timar før undersøkinga, avhengig av type inhalsjonsmedisin.
  • Dersom du kjenner deg dårlig, må du ta hjelpemedisinen din. Viktig at du då noterer ned tidspunktet du tok medisinen.

Andre medisiner

  • Andre medisinar tar du som vanleg.
  • Nokre medisinar kan påverke resultatet av pusteprøva, difor bør du alltid på førehand opplyse kva for medisinar du bruker.

Alt dette vil du få informasjon om frå helsepersonell før undersøkinga.

Under

Du får på ei naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så kraftig du kan. Dette skal gjerast fleire gongar. Sjukepleiar vil heile tida instruere deg. Undersøkinga er smertefri, men kan vere litt ubehageleg. Den kan vere slitsom, og du kan bli svimmel og få litt hoste.

Spirometri med reversibilitetstest

Dersom du er tungpusta, kan vi gjere ein ny test etter at du har pusta inn ein medisin. Dette blir gjort for å teste medisinen sin verknad på den enkelte.

Etter

Når testen er gjennomført fleire gongar, er det registrert informasjon om lungefunksjonen din.