Undersøking, Ekkokardiografi
Ultralyd av hjartet
Ekkokardiografi er ei ultralydundersøking av hjartet der vi kan sjå på dei ulike hjartekammera, på hjarteklaffane og på blodgjennomstrøyminga i hjartet.
Vi bruker ekkokardiografi ved utgreiing av dei fleste hjartesjukdommar og medfødde hjartefeil. Undersøkinga kan også vere nyttig for å sjå om hjartet pumpar godt ved alvorlege sjukdommar i andre organ. Vi vurderer hjartemuskelen, hjarteklaffar og dei store blodkara som går til og frå hjartet. Vi kan også måle blodtrykket i lungekretsløpet.
Tilvising og vurdering
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
Før
Undersøkinga krev ingen førebuingar.
Under
Ved undersøkinga ligg du i sideleie på ein benk. Vi held eit lite ultralydinstrument mot brystveggen din, og tar litt gelé på huda i dette området.
Opptaka blir gjennomgåtte nøye og beskrivne av hjartelegen.
Undersøkinga er smertefri. Somme pasientar kjenner likevel lett ubehag når vi held ultralydinstrumentet mot brystveggen.
Undersøkinga varer vanlegvis i 30 – 45 minutt.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim, eventuelt skal du tilbake til avdelinga om du er innlagd. Det er vanleg å få eit foreløpig resultat straks etter undersøkinga. Vi sender skriftleg svar til tilvisande avdeling, sjukehus eller fastlege.