Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Kjernejournal, nynorsk

Kjernejournal gir helsepersonell rask tilgang til utvalde og viktige helseopplysningar om deg, uavhengig av kvar du får behandling. Både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta. 

Kva er kjernejournal? 

Kjernejournal gir helsepersonell rask tilgang til utvalde helseopplysningar om deg, uavhengig av kvar du får behandling. Dette kan vere viktig dersom du blir akutt sjuk og til dømes må på legevakta eller eit sjukehus der du ikkje har ein journal frå tidlegare. 

Kjernejournalen din inneheld mellom anna opplysningar om legemiddel, prøvesvar og donorkort og gjer desse tilgjengelege for dei som behandlar deg. Du kan sjølv gå inn i kjernejournalen og sjekke om helseopplysningane stemmer. 

Sjå kva kjernejournalen din inneheld 


Kjernejournal er ikkje det same som pasientjournal. Les meir om pasientjournal på helsenorge.no. 

Du har rett til å avgrense at helseopplysningane dine blir tilgjengeleggjorde 

Somme dokument frå pasientjournalen din vil bli gjorde tilgjengelege via kjernejournal, både med behandlarar ved andre sjukehus og med til dømes fastlegar. Det er i første omgang samandrag av behandling, resultat av biletundersøkingar og tilvisingar som er sende frå sjukehuset som blir gjorde tilgjengelege. Berre autorisert helsepersonell kan lese dette. 

Slik avgrensar du deling 

Dersom du har fått behandling hos oss, og ikkje vil at informasjon om dette skal delast med nokon, må du sjølv sørgje for å avgrense dette. 

Les meir om korleis du kan avgrense deling via kjernejournal på helsenorge.no. 

Dersom du ikkje bruker helsenorge.no, kan du ringje rettleiingstenesta på telefon 23 32 70 00 for å få hjelp til å avgrense deling av journaldokumenta dine. 

Kven har ein k​​​jernejournal? 

Alle som bur i Noreg har ein kjernejournal, med unntak av dei få som har reservert seg mot det. Barn får automatisk sin eigen kjernejournal. Når barn fyller 16 år kan dei få digital tilgang til sin eigen kjernejournal på Helsenorge, dersom dei har BankID. 

Helsepersonell har tilgang til kjernejournalen til pasienten via dei vanlege journalsystema sine. 

Dei har berre lov å slå opp i journalen når det er nødvendig, for å yte helsehjelp. 

Sist oppdatert 16.09.2024