Behandling
Habilitering - Forsinket motorisk utvikling hos barn og unge, nynorsk
Det er store individuelle forskjellar i bevegelsesutviklinga til barn. Likevel er det nokre forventningar til kva barn vanlegvis lærer på ulike alderstrinn. Når eit barn ikkje utviklar seg slik det er forventa når det gjeld forflytting og bevegelse/motorikk, og det vekker bekymring hos føresette, fastlegen, fysioterapeuten eller andre som kjenner barnet godt frå for eksempel helsestasjon, barnehage eller skule, kan barnet bli tilvist til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).
Før
Før du kjem til avtale for utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet, når det gjeld:
- bevegelse/motorikk (krabbe, sitte, gå og bruke hendene)
- leik
- dagleglivets aktivitetar – slik som forflytting, eting og påkledning
- tidlegare sjukdommar
Tenk gjennom i kva rekkefølge utviklinga har skjedd, og når barnet meistra den enkelte ferdigheita.
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel som er i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.
Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.