Behandling
Habilitering - Ryggmargsbrokk hos barn og unge, nynorsk
Tidleg i fosterlivet blir hjernen og ryggmargen lukka inne av hinner og knoklar. Hos enkelte barn er denne lukkinga mangelfull, og dei blir født med ryggmargsbrokk (myelomeningocele, MMC). Det kan blant anna medføre lammingar i muskulatur, nedsett følsemd i hud og nedsett blære- og tarmfunksjon.
Tilvising og vurdering
Tilvising MMC er ein samansett tilstand som krev tverrfagleg oppfølging. Det er derfor vanleg at fastlege eller lege på sjukehuset tilviser barn og ungdom med denne tilstanden til habiliteringstenesta for barn og unge (HABU).
Før
Før du kjem til avtale for utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
- bevegelse/motorikk og forflytting
- leik og læring
- samhandling med jamaldrande og vaksne
- dagleglivets funksjonar – slik som påkledning og tømming av blære og tarm
- tidlegare sjukdommar og sjukehusopphald
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har nokre hjelpemiddel i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting eller anna.
Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet eller ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.
Under
Når de kjem til HABU, vil de bli tatt imot og gitt informasjon om kva som skal skje, og kven de vil møte. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel lege, psykolog, og vernepleiar.
Utgreiinga kan vere sett saman av samtaler, kartlegging, observasjonar og undersøkingar av barnet eller ungdommen. Vanlegvis blir det gjennomført ein observasjon av barnet eller ungdommen i samspelsaktivitetar i heimemiljø, barnehage eller skule.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. HABU vil i så fall sørge for ei vidare tilvising.
Etter
Føresette vil få informasjon om resultata frå utgreiinga. Barn og unge har også rett til tilpassa informasjon om eigen helsetilstand.
Det er kommunen/bydelen du bur i, som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HABU i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging vil bli vurdert i samråd med føresette og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som oppsummerer utgreiinga. Dersom det er aktuelt med vidare oppfølging i HABU, vil dette komme fram i rapporten. Rapporten blir sendt til dykk som føresette og til den som har tilvist.
For barn og unge med ryggmargsbrokk kan det også vere aktuelt å få oppfølging i andre sjukehusavdelingar. Oppfølginga vil vere forskjellig ut frå individuelle behov hos barnet eller ungdommen.