Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
  • Pasientinformasjon i fellesinnhold
    Denne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.

Undersøking

Lungefunksjonsmåling, nynorsk

Måling av lungefunksjon blir brukt i utgreiing og kontroll av dei fleste lungesjukdommane. Vi bruker forskjellige målemetodar avhengig av problemet til pasienten. Nokre gonger vil verdiane ved ei lungefunksjonsmåling variere over tid, og vi må derfor gjenta målingane.
Sjukdommar i lunger eller luftvegar kan påverke lungefunksjonen. For eksempel vil ein sjukdom som fører til tronge luftvegar redusere luftstraumshastigheita i luftvegane. Ein skade i sjølve lungevevet kan gjere det vanskelegare for surstoff å bevege seg frå lufta til blodbanen. Endra elastisitet i lunga kan endre lungenes totalvolum. 

Nokre gonger vil verdiane ved ei lungefunksjonsmåling variere over tid. Verdiane om natta kan for eksempel vere ganske annleis enn på dagtid. Det kan derfor i nokre tilfelle vere aktuelt å supplere med måling av lungefunksjon over tid med gjentatte målingar, eller gjere måling om natta, etter anstrenging eller liknande.



Før

Korleis kan eg forberede meg?

  • Det er ingen spesiell førebuing.
  • Du bør unngå store måltid 1 time før undersøkinga.
  • Unngå store anstrengingar rett før undersøkinga.
  • Ta dei ordinære, faste medisinane dine, dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna. Ta gjerne med ei liste over dei medisinane du har tatt, og vis dei til legen, for dette kan påverke vurderinga av resultatet.



Under

Korleis gjeng undersøkinga føre seg?

Det er fleire typar lungefunksjonsmåling:
  • Flow volum (spirometri): Du blåser så kraftig du kan i eit apparat som måler luftstraumshastigheit og volum. Dette er den mest vanlege forma for lungefunksjonsmåling. Denne kan bli supplert med måling av endring etter inntak av medikament (reversibilitetstest), eller endring etter provokasjon med medikament (provokasjonstest).
  • Bodybox (heilkroppspletysmografi): Du sit i ein lufttett boks mens det kontinuerleg blir målt endringar i luftstraum og trykkforhold, både i boksen og i luftvegane.
  • Diffusjonskapasitet (DLCO): Du pustar i eit apparat, og må klare å halde pusten i 10 sekund. Undersøkinga gir eit mål for kor godt lungene tar opp oksygen, og dermed om lungevevet er normalt.
  • Oksymetri: Eit instrument blir festa til fingeren din og måler innhaldet av oksygen i blodet.
  • Ergospirometri (CPET): Du anstrenger deg, vanlegvis ved å gå på tredemølle. Samtidig måler vi ei rekke forskjellige funksjonar i lungene, for eksempel luftstraum, oksygenopptak, utskiljing av koldioksyd, eller hjarterytme.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt. For å få eit godt resultat må du likevel gi full innsats, og dette kan vere anstrengande dersom du har redusert lungefunksjon.

Kor lenge varer undersøkinga?

Undersøkinga kan vare frå 10 til 30 minutt, avhengig av kva målingar som skal bli gjort.





Etter

Du får snakke med legen etter undersøkinga og vil få forklart resultatet av undersøkinga.

Det er ingen biverknader eller komplikasjonar. Ingen forholdsreglar.