Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten
  • Pasientinformasjon i fellesinnhold
    Denne informasjonen er generell og erstatter ikke kontakt med, eller undersøkelse og behandling hos, autorisert helsepersonell. For informasjon om behandling på ditt sykehus, må du oppsøke sykehusets nettsider.

Undersøking, Muskelbiopsi

Muskelbiopsi, nynorsk

Ein muskelbiopsi er eit inngrep der vi tek ein vevsprøve frå ein muskel og gjer ei mikroskopisk undersøking av prøven for å leite etter sjukdom. Ein spesialist i nevrologi avgjer kva muskel vevsprøven skal takast frå. Musklane som eignar seg best er der du har svekking av muskelkraft og der hevelse blir vist på biletdiagnostikk (MR). Dei vanlegaste stadene på kroppen å ta biopsi er musklar på yttersida av låra, skuldrene og overarmane.

Før

Ta kontakt med fastlegen din før biopsien dersom

  • du bruker blodfortynnande medisinar
  • du har ein sjukdom som inneber auka risiko for bløding
  • du er allergisk mot lokalbedøving

For å redusere risikoen for bløding må du vanlegvis slutte å bruke blodplatehemmarar (til dømes Albyl E eller Plavix) i inntil 10 dagar før vi tek biopsien. Du må også kutte bruken av Marevan og nye blodfortynnande medisinar, som til dømes Eliquis, Xarelto og Pradaxa.

Ta kontakt med kvar enkelt avdeling som skal utføre inngrepet for å få nærare informasjon om kor lenge før inngrepet du skal stoppe å ta desse medikamenta.

Dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna treng du ikkje å faste før inngrepet og du kan ete frukost same dag. Vi tilrår at du ikkje køyrer bil sjølv til og frå sjukehuset denne dagen, men at du ordnar annan transport.

Sjølve prøvetakinga tek omtrent éin time. Ein sjukepleiar gir deg råd om korleis du skal liggje. Vanlegvis ligg du på ein benk på ryggen eller på magen.

Under

Under sjølve inngrepet bruker vi sterile hanskar og kledning. Vi barberer huda og desinfiserer («vaskar») der vi skal ta biopsien. Det aktuelle området dekkjer vi til og du får ei lokalbedøving i huda. Vi bedøver ikkje sjølve muskelen. Dette er fordi bedøving av muskelen kan føre til skadar på muskelvevet, slik at vi ikkje kan bedømme prøva under mikroskop. Av den grunn er det mogleg at du kjenner eit ubehag i sjølve muskelen medan vi tek ut muskelvevet.

Først gjer vi eit snitt på omtrent fem centimeter i huda og bindevevet. Når vi har komme fram til muskelen skjer vi ut ein liten bit av vevet på omtrent éin centimeter.

Vi stoppar og tørkar opp eventuelle småblødingar i muskelen og under huda før vi lukkar bindevevet og huda med nokre sting. Etterpå legg vi på ein kompresjonsbandasje over området.

Etter

Etter undersøkinga skal du vente i minst seks timar før du belastar armen eller beinet vi har teke biopsien frå. I denne perioden observerer vi deg med tanke på om du får blødingar i operasjonsområdet.

Du bør unngå å anstrenge deg dei første dagane. Når bedøvinga forsvinn, kan du oppleve å få smerter som varer i nokre dagar. Du kan dempe smertene med reseptfrie smertestillande middel, til dømes Paracet, Ibux eller Pinex.

Etter 10 dagar kan fastlegen fjerne stinga etter inngrepet.

Vi tilrår at du er sjukmeldt den dagen du skal til undersøkinga.

Det kan ta fleire veker før alle resultata frå undersøkinga er klare. Prøvesvara blir sende til den legen som tilviste deg og/eller fastlegen din. Ved behov får du time til kontroll på poliklinikk.

Ver merksam

Komplikasjonar ved muskelbiopsi er sjeldne og kan skje i rundt 0,1 prosent (1 av 1000) av inngrepa. Somme kan få ein infeksjon eller bløding der biopsien blei teken. I veldig sjeldne tilfelle kan du utvikle blodpropp i venene i foten, dersom vevsprøven er teken nede på beinet.