Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Undersøking

Søvnundersøking – Polysomnografi

Søvnundersøking blir også kalla polysomnografi (PSG), og inneber målingar av hjerneaktivitet, pusting og muskelaktivitet når du er vaken og når du søv. Undersøkinga kan gi svar på om du kan ha ein søvnsjukdom eller har ein forstyrra døgnrytme. Nokre pasientar skal ha ein aktivitetsmålar på armen i 14 dagar før undersøkinga.

Dei siste 14 dagane før undersøkinga er det svært viktig at du prøver å ha ein så regelmessig døgnrytme som mogleg, der det er heilt nødvendig å leggje til rette for minimum 7 timars søvn kvar natt. Det er viktig at du legg deg og står opp til omtrent same tid kvar dag, også i helgene.

For somme kan dette føre til endring av livsførsel eller tilrettelegging frå arbeidsgivar (til dømes arbeid med nattevakter). Dersom du ikkje klarer å overhalde ein regelmessig døgnrytme, kan undersøkinga gi mindre påliteleg resultat.

Ta med behageleg tøy. Gjerne ei t-skjorte å sove i, ei hettejakke med frontlukking og lause bukser som du kan brette opp til knea ved behov.

Gjerne også eit skjerf/lue eller jakke med hette som dekkjer hovudet.

Menn må vere nybarberte når dei kjem til undersøkinga på grunn av at du får festa elektrodar under nase og hake.

Bruker du CPAP/BIPAP, må du ta med deg denne.

Det er viktig at du møter til avtalt tid på grunn av tidkrevjande tilkopling av utstyr. Skal du ha med pårørande, må du gi oss beskjed om dette.

Ikkje sovemedisinar før undersøkinga

Du må ikkje bruke sovemedisinar dei siste 2 vekene før registreringa. Enkelte andre medikament kan også ha ein innverknad på prøva. Ring oss derfor om du bruker andre faste medisinar, slik at vi kan ta ei vurdering av om du må slutte med desse.

Søvndagbok og spørjeskjema

Som ein del av utgreiinga må du fylle ut søvndagboka dagleg i 2 veker før undersøkinga. Du får tilsendt søvndagboka og spørjeskjema. Spørjeskjemaa fyller du ut omlag 2 dagar før undersøkinga. Du vil ikkje få noka påminning om dette, så det er veldig viktig at du hugsar å fylle dei ut og å ta dei med når du kjem til undersøkinga.  

Før

Dei siste 14 dagane før undersøkinga er det svært viktig at du prøver å ha ein så regelmessig døgnrytme som mogleg, der det er heilt nødvendig å leggje til rette for minimum 7 timars søvn kvar natt. Det er viktig at du legg deg og står opp til omtrent same tid kvar dag, også i helgene.

For somme kan dette føre til endring av livsførsel eller tilrettelegging frå arbeidsgivar (til dømes arbeid med nattevakter). Dersom du ikkje klarer å overhalde ein regelmessig døgnrytme, kan undersøkinga gi mindre påliteleg resultat.

  • Ta med behageleg tøy. Gjerne ei t-skjorte å sove i, ei hettejakke med frontlukking og lause bukser som du kan brette opp til knea ved behov.
  • Gjerne også eit skjerf/lue eller jakke med hette som dekkjer hovudet.
  • Menn må vere nybarberte når dei kjem til undersøkinga på grunn av at du får festa elektrodar under nase og hake.
  • Bruker du CPAP/BIPAP, må du ta med deg denne.

Det er viktig at du møter til avtalt tid på grunn av tidkrevjande tilkopling av utstyr. Skal du ha med pårørande, må du gi oss beskjed om dette.

Ikkje sovemedisinar før undersøkinga

Du må ikkje bruke sovemedisinar dei siste 2 vekene før registreringa. Enkelte andre medikament kan også ha ein innverknad på prøva. Ring oss derfor om du bruker andre faste medisinar, slik at vi kan ta ei vurdering av om du må slutte med desse.

Søvndagbok og spørjeskjema

Som ein del av utgreiinga må du fylle ut søvndagboka dagleg i 2 veker før undersøkinga. Du får tilsendt søvndagboka og spørjeskjema. Spørjeskjemaa fyller du ut omlag 2 dagar før undersøkinga. Du vil ikkje få noka påminning om dette, så det er veldig viktig at du hugsar å fylle dei ut og å ta dei med når du kjem til undersøkinga.

Under

Du får festa elektrodar på hovudet og kroppen:

Illustrasjon av menneske med elektroder festet til hode og kropp
På biletet ser du korleis elektrodane blir festa på kroppen din.

Du vil få eit rom på pasienthotellet der polysomnografi (PSG) med videoregistrering blir utført. Det er avgrensa bemanning på hotellet, det vil seie at du må vere sjølvhjelpt. Dersom du er avhengig av assistanse (til dømes i samband med måltid, toalettbesøk, dusjing og liknande) må du gi oss beskjed snarast, slik at vi kan prøve å finne alternative løysingar.

Gjer det vondt?

Undersøkinga medfører inga smerte.

Kor lenge varer undersøkinga?

20 1/2 timar  

Etter

Når undersøkinga er ferdig, kan du reise heim. Resultatet av undersøkinga blir sendt tilvisande lege i løpet av 2 – 4 veker.