Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten

Undersøking, Pusteprøve

Spirometri

Spirometri er ei undersøking som måler lungefunksjonen din – både kor mykje luft du får til å puste ut totalt (FVC), og kor raskt du får til å puste ut lufta (FEV1 og PEF).

Før

Vi måler høgda og vekta di før undersøkinga.

Nødvendige førebuingar

For at testen skal gi riktigast mogleg resultat er det viktig at du gjer nokre førebuingar:

  • Unngå å ete eit større måltid den siste timen før undersøkinga
  • Unngå å bruke tobakk undersøkingsdagen
  • Ikkje anstreng deg den siste timen før undersøkinga

Inhalasjonsmedisin

  • Om mogleg, bør du unngå å ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisin 6–48 timar før undersøkinga, avhengig av type inhalasjonsmedisin.
  • Dersom du kjenner deg dårleg, kan du likevel ta luftvegsopnande inhalasjonsmedisinar. I så fall er det viktig at du noterer ned tidspunktet du tok medisinen.
  • Om du bruker inhalasjonssteroid, kan du ta dei som vanleg, med mindre du har fått beskjed om noko anna.

Andre medisinar

  • Alle andre faste medisinar skal  du ta som vanleg.
  • Nokon medisinar kan påverke resultatet av pusteprøva. Derfor bør du alltid på førehand opplyse kva medisinar du bruker.

Du vil få informasjon om alt dette frå helsepersonell før undersøkinga.

Under

Under undersøkinga skal du sitte på ein stol. Du får på ei naseklemme og skal deretter puste gjennom eit røyr, så mykje og så fort du kan. Dette skal du gjere fleire gonger. Ein sjukepleiar vil heile tida forklare kva du skal gjere.

Undersøkinga er smertefri, men kan opplevast litt ubehageleg. Den kan vere slitsam, og du kan bli svimmel og få litt hoste.

Spirometri med reversibilitetstest

Om du er tungpusta, og spesielt om testen er unormal, kan vi ta ein ny test for å sjå om pusten blir forbetra etter at du har fått luftvegsutvidande medisinar. Dette blir gjort for å teste verknaden på medisinen på kvar enkelt.

Etter

Når pusteprøva er gjennomført fleire gonger, har vi fått tilstrekkeleg informasjon om lungefunksjonen din. Lege vil sjå over og snakke med deg om resultatet av undersøkinga.