Undersøking, Videofluoroskopi
Svelgfilming hos barn
Svelgfilming (videofluoroskopi) er ei røntgenundersøking av svelgefunksjon. Ved undersøkinga får barnet mat‐ og drikkevarer (med ulike konsistensar) han/ho vanlegvis et og drikk, tilsett røntgenkontrast. Kontrast finst både i tynt- og tjuktflytande form, og som pulver og pastè. Svelgprosessen blir filma med røntgen. Undersøkinga blir utført for å avklare om det ligg svelgevanskar føre, og i kva grad. Det er spesielt viktig å avklare om det er risiko for feilsvelging til luftrøyret (aspirasjon).
Før
Det er svært viktig at barnet er svolte når undersøkinga startar. Små barn i alderen 0–3 år bør vere fastande i 3 timar før undersøkinga. Barn over 3 år kan vere fastande 3–4 timar. Ta med mat/drikke som barnet liker, og eigna flaske, tutekopp, kopp og skeier. Det er ein stor fordel om barnet er kjent med drikke‐ og etereiskapane.
Under
Undersøkinga blir gjennomført på barneradiologisk avdeling. Alle personar inne på røntgen har på blyfrakkar, unnatatte barnet. Logoped samarbeider med radiolog og radiograf.
Radiografen førebur mykje av det praktiske rundt undersøkinga, og blandar mat/drikke med kontrast i samarbeid med logopeden. Radiologen utfører og kontrollerer sjølve undersøkinga. Undersøkinga blir tatt opp på film.
Barnet blir undersøkt sittande i «tumble form stol», vanleg stol eller eigen rullestol. Små babyar blir undersøkte tilbakelent (halvt liggande), større barn i ein meir oppreist posisjon.
Foreldre, logoped eller radiograf gir barnet mat. Vanlegvis startar vi med å tilby barnet tyntflytande drikke frå flaske, tutekopp eller kopp. Deretter går vi vidare med tjukkare konsistensar avhengig av kva resultatet viser. De får fortløpande instruksjonar om korleis vi går frami undersøkingssituasjonen.
Barnet treng ikkje sonde gjennom nasen ved denne undersøkinga.
Gjer det vondt?
Sjølve undersøkinga gjer ikkje vondt. Nokon synest at røntgenkontrasten smaker vondt. Det er viktig at foreldra og fagpersonane oppmuntrar barnet til å drikke/ete, og unngår å gi negative kommentarar om smaken.
Kor lenge varer undersøkinga?
Radiologen styrer kor mykje gjennomlysing/eksponering som er nødvendig. Sjølve undersøkinga tar kort tid da det er ei tidsavgrensa undersøking i forhold til stråling. Det må bereknast god tid til førebuingar, for eksempel finne fram til ei god sittestilling, tilsetting av kontrast i mat/ drikke og gi instruksjonar til foreldre og barn. Totalt bruker vi cirka 30 minutt på røntgenlaben, inkludert førebuingar før undersøkinga og ventetid etter at undersøkinga er gjennomført.
Etter
Etter at videofluoroskopien er utført, ventar barn og foreldre på venterommet mens radiologen og logopeden går gjennom undersøkinga/bilda saman.
Når får eg resultatet?
Resultatet av undersøkinga får dykk vanlegvis same dag som undersøkinga blir gjennomført. Dei fleste får resultatet straks etter undersøkinga og/eller blir informerte undervegs i sjølve undersøkinga. Av og til tar det meir tid å gå gjennom undersøkinga, og av og til må vi drøfte funn med andre fagpersonar før de blir informerte om resultatet. Foreldre/barn vil få beskjed dersom dette er aktuelt. Sidan videofluoroskopien blir tatt opp, kan opptaket bli gjennomgått saman med foreldra seinare same dag, viss dette er nødvendig og/eller ønskeleg. Ved normale funn er det vanlegvis ikkje behov for dette.
Ver merksam
Dei fleste går gjennom undersøkinga uproblematisk, utan etterfølgande biverknader eller komplikasjonar. I svært få tilfelle kan nokre barn reagere på kontrasten med følgande laus avføring eller oppkast. Ta gjerne kontakt med røntgenavdelinga ved spørsmål.