Undersøking
Ultralyd av hjartet
Ekkokardiografi er ei ultralydundersøking av hjartet der vi kan sjå på dei ulike hjartekammera, på hjarteklaffane og på blodgjennomstrauminga i hjartet.
Vi bruker ekkokardiografi ved utgreiing av dei fleste hjartesjukdommane og medfødde hjartefeil, og dette er veldig viktig før ein operasjon på hjarteklaffane. Undersøkinga kan også vere nyttig for å sjå om hjartet pumpar godt ved alvorlege sjukdommar i andre organ. Vi vurderer hjartemuskelen, hjarteklaffar og dei store blodkara som går til og frå hjartet. Vi vil også kunne måle blodtrykket i lungekretsløpet.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen din eller anna helsepersonell som kan tilvise deg til denne undersøkinga.
Før
Undersøkinga krev ingen førebuingar.
Under
Ved undersøkinga ligg du i sideleie på ein benk. Vi held eit lite ultralydinstrument mot brystveggen din og tar litt gele på huda i dette området.
Opptaka blir gjennomgått nøye og beskrive av hjartelegen.
Undersøkinga er smertefri. Enkelte pasientar kjenner likevel lett ubehag når vi held ultralydinstrumentet mot brystveggen.
Undersøkinga varer vanlegvis i 30–45 minutt.
Etter
Etter undersøkinga kan du reise heim, eventuelt skal du tilbake til avdelinga dersom du er innlagt. Det er vanleg å få eit foreløpig resultat rett etter undersøkinga. Vi sender skriftleg svar til tilvisande avdeling, sjukehus eller fastlege.