Tilvising til regional og nasjonal spinaleining
Alle pasientar blir vurdert poliklinisk av tverrfagleg team ved ein av dei 3 regionale spinaleiningane.
Tilvising kan nå fram til tenesta på 3 måtar
- Tilvising frå regional spinaleining til tverrfagleg poliklinikk, planleggast ved spinaleininga i samarbeid med tenesta. Nevrolog/ergoterapeut/fysioterapeut ved den aktuelle spinaleininga vurderer pasienten i forkant av poliklinikk og sett aktuelle kandidatar opp til vidare vurdering.
- Tilvising frå primerhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta til den regionale spinaleiningane der pasienten høyrer til. Nevrolog/ergoterapeut/fysioterapeut ved den aktuelle spinaleininga vurderer pasienten i forkant av poliklinikk og sett aktuelle kandidatar opp til vidare vurdering.
- Tilvising frå primerhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta til den nasjonale behandlingstenesta, via ortopedisk avdeling Haukeland universitetssjukehus. Lege ved tenesta vurderer tilvising og sett aktuelle kandidatar opp til vurdering ved tverrfagleg poliklinikk på den regionale spinaleininga der pasienten høyrer til.
Tilvisingskriterium
- Pasientar med ryggmargskade i nivå C4/C5 - C7/C8 og dermed nedsett funksjon i overekstremitetane i varierande grad
- Det er i utgangspunktet ingen aldersgrense for pasientar som kan tilvisast
- Det er i utgangspunktet ingen grense på tid frå skade oppstått til vurdering ved tenesta
Tilvising skal innehalde opplysningar om
- Nivå for ryggmargskaden
- Tidspunkt for ryggmargskade
- Årsak til ryggmargskade (traume/sjukdom)
- Kort sjukehistorie
- Undersøking av arm/handfunksjon (skulder/olboge/handledd/hand)
Resultatmål
- Tenesta skal sørge for likeverdige tilbod for alle ryggmargskadde som kan ha nytte av tilbodet
- Nytilviste pasientar skal ha fått tilbod om vurdering hos tenesta innan det er gått 3 månader
- Dersom det finnast indikasjon for funksjonsforbetrande kirurgi, skal nytilviste pasientar ha fått tilbod om kirurgisk behandling innan det er gått 6 månader
- Aktuelle kandidatar skal testast preoperativt og ved kontroll etter 6 månader og 12 månader, for å kunne kontrollere oppnådde behandlingsresultat
- Faggruppene ved tenesta skal halde seg oppdatert innan faget internasjonalt, og arbeide i tråd med etablerte og godkjende retningsliner og metodar
- Tenesta skal drive kompetansebygging, spreie kunnskap og forsking
- Tenesta skal ha referansegruppe som består av fagpersonar frå alle helseregionar, samt representantar frå brukarane
Sist oppdatert 09.05.2023