Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Godkjent dato: 26.09.2025
Ansvarlig foretak: Helse Bergen
Diagnose

Tvillingar/fleirlingar

Er du gravid med tvillingar/fleirlingar bør du føde barna dine på ei fødeavdeling som har fødselslege, anestesilege og barnelege tilgjengeleg heile døgnet.

Korleis svangerskapet ditt har gått, kor langt du har komme i svangerskapet når fødselen startar, og korleis du og barna har det ved starten av fødselen, avgjer kva fødselsmetode, fødselsovervaking og fødselshjelp du treng. Ein tvilling-/fleirlingfødsel krev meir overvaking enn dersom eitt barn skal fødast.

Tilvising og vurdering

Legen og jordmora som følger deg opp i svangerskapet lagar ein plan for fødselen saman med deg.

Før

Tvilling-/fleirlingsvangerskap og fødsel medfører auka risiko for komplikasjonar. Det er derfor ekstra viktig at du følger opp svangerskapskontrollane.

Når du er gravid med fleire barn, vil fødselen starte før termin. Dei fleste føder mellom 36. og 38. svangerskapsveke, og fødselen skal settast i gang seinast ved veke 39. Dersom du får rier eller lurer på om fostervatnet har begynt å renne, kontakt lege eller fødeavdelinga med éin gong.

Under

Tvillingar

Når det er planlagt at du skal føde barna dine på vanleg måte er det eit team av jordmødrer, barnepleiarar, gynekologar og barnelege saman med deg eller i nærleiken av deg. Om barna blir fødde i hovudleie er det som oftast jordmor som tar imot barna. Lege er også til stades på fødestua.

Barnet som ligg an til å bli fødd først kallar vi tvilling 1, og barnet som ser ut til å komme sist kallar vi tvilling 2.

Når tvilling 1 er fødde, undersøker legen magen din med ultralyd for å sjå korleis tvilling 2 kjem ned i fødselskanalen.

Tvilling 2 har nå fått god plass i livmora. For å unngå at barnet snur seg til ei ugunstig stilling, held jordmor eller lege på kvar side av magen din for å hindre at tvilling 2 legg seg på tvers. Dei held dette grepet til hovudet eller setet til barnet har engasjert seg i fødselskanalen, og det ikkje lenger er mogleg for barnet å snu seg.

Tvilling 2 blir som oftast fødd innan 10–30 minutt etter tvilling 1, men det kan hende at riene minkar eller stoppar opp etter at tvilling 1 er fødd. Lege avgjer om du skal få eit riestimulerande drypp.

Fleirlingar

Er du gravid med fleire enn to barn, er svangerskapet og fødsel meir komplisert. Derfor vil fastlegen din eller jordmor på helsestasjonen, tilvise deg til gynekolog eller til poliklinikk for gravide på sjukehuset når det er mistanke om eller bekrefta at du er gravid med fleire enn to barn.

Gynekologen vil saman med deg legge ein plan for svangerskapskontrollane og fødselen. Fødselen bør skje på fødeavdeling med høg beredskap – der gynekolog, barnelege og anestesi/operasjonspersonale er tilgjengeleg heile døgnet. I Noreg blir trillingar eller firlingar forløyste ved keisarsnitt.

Hjelp til forløysing

Det er større risiko for at ein tvillingfødsel blir avslutta med vakuum, tong eller keisarsnitt enn om du føder eitt barn. Ofte blir derfor epiduralbedøving anbefalt når fødselen er i gang.

Skulle det oppstå ein situasjon som gjer det nødvendig å forløyse eitt eller begge barna med vakuum, tong eller keisarsnitt, vil gynekolog, barnelege og anestesi- og operasjonspersonale vere til stades og klare til å gripe inn.

Tida etter fødselen er ei viktig tid for deg, barna og familien. Denne tida skal brukast til å bli kjent med dei nye familiemedlemmene og lære å stelle og mate barna. Dei fleste tvillingmødrer blir på fødeavdelinga nokre dagar etter fødselen – til mor kjenner seg trygg på stell og mating, og barna viser teikn på trivsel og vekst.

Tvillingar/fleirlingar blir ofte fødde før termin, og treng derfor ekstra oppfølging i tida etter fødselen. Dersom fødselen startar tidleg i svangerskapet (prematur fødsel), barna treng ekstra oppfølging eller overvaking, fødselsvekta er låg eller dersom barna ikkje tar til seg nok mat, blir dei flytta til ei nyføddavdeling.

Etter

Tvillingar blir ofte fødd før termin, og treng derfor ekstra oppfølging i tida etter fødselen. Om fødselen startar tidleg i svangerskapet / prematur fødsel, eller barna treng ekstra oppfølging / overvaking, fødselsvekta er låg eller om barna ikkje tar til seg nok mat, så må barna bli flytta til nyføddavdeling.

Amming

Amming av tvillingar krev ekstra innsats, særleg i starten sidan det er to barn som treng mat.

Fordi tvillingar ofte blir fødde før termin og er mindre enn barn i svangerskap med eitt barn, kan det vere ekstra viktig at barna får morsmjølk. Bruk derfor tida og kreftene den første tida etter fødselen på å få i gang mjølkeproduksjonen og amming.

Om barna er friske og har krefter til å amme, blir dei lagde til brystet til kvart måltid. Dei får tillegg av morsmjølkerstatning etter amming om dei treng det. Ikkje alle greier å fullamme begge barna, men all morsmjølk som barna kan få er viktige.

Sist faglig oppdatert 26.09.2025